Sunndal dobbel del 2: smisetnebba (08.09.2019)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 31min
Distance 9.1km
Vertical meters 1,254m
GPS
Ascents Smisetnebba (1,176m) 08.09.2019 21:32
Visits of other PBEs Smiset p-plass (115m) 08.09.2019 21:32
Smisetnebba - merka sti fra øst (120m) 08.09.2019 21:32

Tilbake i bilen etter å ha rota rundt på Grøvelnebba tok eg ei kjapp vurdering av kråppen, og kom til at eg kunne prøve meg på Smisetnebba i det fine haustværet.

Etter ein kort køyretur med konsumering av litt skjever stod eg på Smiset p-plass. Heile stien opp mot toppen låg i skuggen, men no låg primærfaktorskodda for tjukk til at eg kunne bry meg om detaljar som belysning.

Eg har kjøpt meg sånn løpevest som dissa karane frå Molde har, og den måtte eg jo ha på meg opp her - sjølv om ambisjonen heller var å unngå krampe enn å halde maksfart.

Veldig godt merka sti, om enn litt vått, opp bakkane. Løpevesten fungerte tilfredsstillande, sjølv om den kanskje ikkje revolusjonerte turlivet. Dei softflaskene på brystkassa gav meg ei sterk kjensle av å suge av eigne velfylte bryster, noko som var litt selsomt. Men kanskje ein venner seg til det. Kven veit, kanskje det kan vere til adspredelse på lange ensformige turar?

Vel vel, oppover gikk det, og utsikta til nydelige Innerdalen og Sunndalen vart stadig meir påtrengane. I det eg stod ved varden slo sola imot meg og det vart riktig så trivelig. For ein fantastisk nydelig stad dette er!

Smiisetnåbba!
Smiisetnåbba!
Innerdalen med diverse fine ting
Innerdalen med diverse fine ting

Egga bort mot Flånebba såg nydelig ut, men sidan klokka var 7, og eg skulle køyre heim til Trondheim og framleis stå på to bein medan eg leverte i barnehagen i morga tidlig, så lot eg den vere.

Nedatt var det nydelig løpeterreng og riktig så underholdande. Og det skal den puppesekken ha, no sat den veldig fint på. Kanskje har den noko for seg?

Vel tilbake ved bilen vart det litt tøy og bøy for å halde krampa på avstand. Så var det strakaste vegen heim, berre avbrote på Sunndalsøra Circle K for ei ostepølse og ein kaffi, og på Oppdal Circle K for ein ny kaffi og ei sjokomelk (ei skam at dei ikkje har literpakningar på ein slik plass!), medan eg høyrde på "Sånn er du" på Podcast. Kven skulle tru at Øyvind Hellstrøm var ein slik blid type! Medan Bjørn Eidsvåg derimot, er så kald? Den såg eg ikkje! Men men, det skjuler seg mykje bak fjeset utad, ja sannelig.

Takk for no Sunndal, heilt rått som vanlig!

Nedlagt bruk på Smiset. Tenk alle som har budd og levd her, no er alt forbi
Nedlagt bruk på Smiset. Tenk alle som har budd og levd her, no er alt forbi
Start date 08.09.2019 17:17
(UTC+01:00 DST)
End date 08.09.2019 19:48
(UTC+01:00 DST)
Total Time 2h 31min
Moving Time 2h 21min
Stopped Time 0h 9min
Overall Average 3.6km/h
Moving Average 3.9km/h
Distance 9.1km
Vertical meters 1,253m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.