Andre topp for dagen - Eldsfjellet i Meland (07.09.2019)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 1h 26min
Distance 3.0km
Vertical meters 336m
GPS
Ascents Eldsfjellet (324m) 07.09.2019

Frå Øverdalen i Os køyrde vi nordover og kryssa Nordhordlandsbrua inn i Lindå og så Meland. Køyre til Eldsfjellet p-lomme eit kort strekk frå Vikebø, nydeleg langs vatnet her! Vi skar inn den merkte stigen og gjekk rett opp den bratte lia og gjekk opp skardet mellom to bratte fjellhamrar. Vi var oppe på toppen etter knappe 30 minutt. Flott sol og super utsikt, men litt vind. Den hadde vi stort slett sluppe på Sveningen. Men her hadde vi jo havet rett ut mot vest og nord, og det hadde vel blåse opp litt. Utruleg nok greidde vi å gå feil veg nedover, etter å ha surra rundt og sett oss omkring og tatt bilete og sånt, hadde vi mista retninga, og vi starta å gå nedover langs merkt stig som ikkje var den stigen vi hadde kome opp. Vi tok oss inn att relativt raskt, gjekk tilbake og opp igjen, og så rett stig ned. Netto gåtid blei 1 time og 11, men vi var borte i 1 time og 26 min. distansen var ikkje mier enn 3,05 km, men ganske bra med høgdemeter, vi logga 336 av dei. Turen ned gjekk greitt og vel på plass i bilen bestemte vi oss for at vi nok greidde ein tur til i dag. Anne er sporty sånn!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.