Tinder & Kødder (04.04.2012)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Semeltinden (2,236m) 04.04.2012
Semeltinden Sørtoppen (2,178m) 04.04.2012
Sørøst for Sørtoppen på Semeltinden (2,130m) 04.04.2012

Taffelmusikk til turrapporten: http://www.youtube.com/watch?v=tg8i5fgNL8M

Etter Holåtindtur dagen i forvegen med slarkate binning vart Semeltinden valgt som dagens turmål da enkelte meinte det ikkje ville gje nokon stor belastning på binninga. Vel, ikkje nokon bratt nedkøyring rettnok men desto lengre inn og utmarsj er nok heller ikkje heilt belastningsfritt… :)

La i veg frå Spiterstulen i nitida. Byrja samtidig med ei guida gruppe frå Spiterstulen som skulle til Semelholstind men dei vart raskt parkert av M&S morderiske tempo. Blodtåka senka seg raskt for meg og vart liggjande til vi parkerte skia oppe på ryggen før Semeltinden for ein kjapp matbit.
Så gjenstod dei siste 350 høgdemetrane mot toppen. Det var tunge meter men ved hjelp av Benny Borgs Balladen om Morgan Kane kom vi oss opp til slutt. Semeltinden baud på knallutsikt men diverre hadde vi ikkje tid til å drøye lenge på toppen. Semelkødden venta så vi fortsatte videre mot den.
Borte ved Kødden fekk eg litt bange anelser. Både snøflanka ned til skaret og klivinga opp på toppen såg krevande ut. Sikra M&S over og følelsen vart ikkje betre av at dei knota ein del på klivinga.
Måtte likevel prøve, for syns skuld og kom meg etterkvart greit ned i skaret. M&S hadde brukt steggjern opp på Kødden og råda meg til å sette dei att i skaret. Utan steggjern gjekk klivinga kanskje ikkje så veldig grasiøst, men overraskande lett opp.
Bevilga meg eit par minutts nytelse på toppen før eg måtte returnere, mykje slit for lita belønning…
Vi pakka ihop utstyret og ga oss iveg attende over Semeltinden. Kald vind herja og eg var i tillegg generelt nedkjølt etter ei lang stund sittande på rævva i snøen mens eg sikra M&S opp og ned på Kødden. Magen ga også høglytt uttrykk for ønskje om påfyll.
Plukka opp skia og køyrte ned til Øvre Urdadslstjønne der vi fant ein stor stein som ga le og i tillegg låg i solsteiken. Tok oss dermed tid til fem minutt mat & påskestemning før vi glei ned til Spiterstulen på ishard skare.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.