Stjerntinden, Flakstad (12.08.2019)

Written by Elementmannen

Duration 6h 07min
Distance 6.8km
Vertical meters 988m
GPS
Ascents Stjerntinden (938m) 12.08.2019 16:26

"Stjerntinden". Der stein møter himmelhvelv og beina får bukseskjelv.
Nei, la gå, vi held artikkelen litt meir saklig.

Etter tips frå Bigmob og kosetur saman på Higravtindan, Vågan dagen før var Signar booka til gaiding på sjølvaste Stjerntinden. Ei lita økt i klatrehall for å repetere basisen var grunnlaget for klatredelen, elles godt humør og som alltid heilt ok sjølvtillit på ting eg ikkje kan.

Dialogen i forkant var god, vermeldinga vart vurdert og til vår alles begeistring var det høve for å komme seg til topps denne dagen. 'Alle' inkluderte også Anneli som på denne Camp Nordante har vorte fuktig i augnekrokjen kvar gong ordet "Stjerntinden" har dukka opp. Vi avtalte å møtast ved parkingsplassen i sørenden av Ytre Skjelfjord og Signar var ute i god tid, mens vi kom luskande nokre minutt for seint. Eg tek 100% skuld her.
Så var det ei hektisk utstyrfordeling der gaiden forsøkte å fiske ut av oss om vi hadde noko her å gjere, og vi jabba med og snakka vekk det som var av kryptisk stammespråk innan klatring. Deretter var det å losse sekken på ryggen og starte på sti/tråkk/myr i ymse variantar oppover. God stemning oppover lia med fjellpreik og småsvetting i lett skydekke. Utsikta vart betre og betre.
I sadelen såg vi granittårnet som venta og runda oppover til startpunktet for klatringa. Det er vanskelig å finne og ruta er krevande å lese så anbefaler absolutt å bruke kjentfolk her.
Sele på, hjelm på, tau og slynger og alskens greier og så var det berre å "følge på når tauet rykka" som han sa. Joda. Vi gjekk rett i den mest krevande klatringa, Anneli karra seg opp og meg med mjuke orienteringsko vart det ikkje så "sexy" klatring som eg hadde sett føre meg, men på eit eller anna vis vann mann over 5+ klatreland. Oppover var det artige flytt og med kyndig vegleiing frå Signar tok vi del for del til vi rett før toppen fekk melding om at no var vi så trygge at her klinker vi berre opp resten. Joda.
Oppe venta ein lokal turkall og ein hyggelig klatremikkel frå Nordmøre(?) og vi fekk godt selskap i finaveret som hadde sneke seg innpå. Gleden var stor og smilet gjekk rundt oss og attlagt flagg på varden vart vifta med i alle retningar, frå Vågankallen til Hermannsdalstind.
Etter litt topprus og bilete måtte vi ned att (rekke ferga, buss++) og vi delte rappell med dei andre kallane. Alltid spennande når ein lener seg utanfor granitt til fritt fall og tester om tauet heldt før ein jumpar seg nedover berget. Og sidan eg skrive dette haldt openbart tauet på alle 3 rappellane før basecamp var att-erobra (om det er eit ord).
Heftig varme no, men stemninga på topp då ting tyda på at vi ville overleve dagen så vi tok oss tid til å beundre den lokale "trollpikken", ein erigert stein av god kaliber. Diverse multemyrer vart derneste renska for bær før vi etter ein herlig, trygg og givande tur stod att på p-plassen ved bilen. Anneli for smilande mot Moskenes tross behov for å vaske Nabobil.no - bilen, mens Signar og meg satt kursen att mot Svolvær og Stokmarknes. GKH!

Dagens dyr: Ungørn i mørk fjærpryd over hovuda våre
Vardekast: 3

Stor anbefaling til Signar og Alpine Adventures. https://www.alpineadventures.no/ som turfølgje. Denne karen kan fjellet og fyller opp med sikker åtferd og god sangstemning (om då ein ikkje skulle ha noko mot Banana Airlines og andre lokale favorittartistar ;)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.