Føremiddagstur til Hest (forstå meg rett) (10.08.2019)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 45min
Distance 6.7km
Vertical meters 653m
GPS
Ascents Hest (1,062m) 10.08.2019 10:09

Ein av "ørten" Hest`ar å bestige i Sogn inkluderer (primærtoppen) Hest på Nessane. Det er ei dugeleg kjempe frå fjorden å betrakte, så mykje kunne tyde på at dette og ville bety eit dugeleg slit. Slik er det likevel ikkje dersom ein velgjer ruta frå Nessadalen, og tek fjellet frå nordsida.

Vi køyrde nesten heilt fram til Dalheim, der vi tok til høgre opp ein bomveg som grunneigarane kravde 30 kr for å passere. Der vart eg ein femtilapp fattigare (ingen vekslepeng på ein femtilapp), og ei erfaring rikare: Vipps har ikkje nådd folk i Nessadalen.

Eit stykke oppover grusvegen kom vi fram til ein fin liten parkeringsplass der vi satte bilen. Vi passerte ei lita brua over elva Breidstøla og gjekk vidare på merka - men nokså attgrodd sti - gjennom spreidd bjørkeskog. Dette var definitivt ein lovande skitrasé.

Etter ankomst Monstjørni på kring 700 moh såg det ut til at vi hadde lagt det meste bak oss, og at det kun var ei kort (om noko hard) økt til toppen.

Men der tok vi skammeleg feil. Kanskje mest fordi vi var "smarte" nok til å ta stikkarar frå den merka stien, gjorde vi/eg dumme vegval og enda inn i myr, berg, skrentar, kratt, siv og anna som stjal turglede og energi. Men so vart vi i alle fall nok ei erfaring rikare: Hest er slett ikkje ein "pyramidetopp" med jamn stigning slik kartet kunne gi inntrykk av - han er taggete og uvegsam som eit sløvt sagblad.

Den siste "tanna" på vegs ende.

Og så til slutt var vi der - toppen. Der fekk vi nesten blåse kleda av oss.

Klok av skade bestemte vi oss for å SLAVISK følgje merkesteinane ned att til bilen. Dette viste seg sjølvsagt som ein genial beslutning som sparte oss for både tid og krefter. Hadde vi berre vore like lure på veg opp!
Og nettopp - der har du turtipset mitt frå Hest!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.