Smultringar rundt Nordåbotn (09.08.2019)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal)

Start point Grustak, Todalsøra (75m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Skuggfjellet (1,006m) 09.08.2019
Steintelfjellet (1,225m) 09.08.2019
Telefjellet (1,220m) 09.08.2019
Øykjeskarfjellet (1,096m) 09.08.2019

Ein runde med besøk på fjella rundt Nordåbotn frå Kvennsetdalen. Konklusjonen til reisefølgjet blei at toppane her nok ikkje tek i mot mange besøkjande i løpet av ein somar, og at det må være smultringsamlarar som først og fremst finn vegen hit. Når det er sagt var landskapet rett så vakkert, og på toppane fekk vi sjå kjende toppar frå eit litt anna perspektiv enn ein ofte får, i tillegg til eit vakkert åsyn innover Romådalen.

Turen starta frå grustaket ovanfor Røssåa og gjekk langs fin sti innhylla i skodde inn til Kvennsetsetrin. På innmarsjen fekk vi med andre ord ikkje sett noko av landsskapet som omgav oss, men skodda bidrog godt med trollsk stemning og sørga for fuktige sko. Etter å ha passert setrene blei stien meir flyktig, før den forsvann heilt, og skodda gjorde det vanskelig å navigere. Heldigvis hadde turkompanjong aarvag (Steinar Aarvåg) lasta ned GPS-spor på klokka, så vi trødde sjølvsikkert vidare over lyng og myr. Etter litt påfyll av multer og blåbær kryssa vi Nordåbotnelva som kom ned med beskjeden vassføring, før vi runda nokre klippeveggar sør-austover og tok oss opp til Skuggfjellet. Lite utsikt og skryte av her då skodda framleis låg tjukt om oss, så vi tok oss raskt ned til Nordåbotnvatna og tok oss rett opp til skaret mellom Steintelfjellet og Telefjellet. Opp på Telefjellet først, kor det blei rast og betre utsikt. No kunne Trollhøtta i nord, Rognnebba i aust og til og med Dronningkrona i sør skimtast mellom den seglande skodda.

Frå Telefjellet ser ein ned mot Nordåbotnvatna.
Frå Telefjellet ser ein ned mot Nordåbotnvatna.

Ned og opp til Steintelfjellet; ein stor flat topp med delvis nedrast varde. Fleire vardar mot sør markerte eit punkt for vakker utsikt innover Romådalen og ned mot Lauvåvatnet. Herifrå tok vi oss vidare ned og opp på Øykjeskarfjellet, dagens fjerde og siste smultring. No gjenstod berre returen, og vi fulgte terrenget nedover mot Kvennsetdalen mot setrene. Utover litt småskog mot slutten av nedstigninga var terrenget forholdsvis greit og ta seg ned i. Tilbake på stien gjekk turen ned til bilen fint, og vi kunne no sjå rundt på terrenget som omgav oss, sjølv om det framleis fantes restar av dagens skodde. Ein lang, men fin rundttur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.