Storskardhøgda (06.08.2019)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Storskardhøgda (894m) | 06.08.2019 15:04 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Storskardhøgde utsikt mot sør (875m) | 06.08.2019 15:11 |
Tur på veg frå Slidre til Gausdal. Planen var eigentleg å gå på Store og Vesle Skjellingshovde, men det ville seg ikkje. Vi hadde sett at nesten alle går på disse toppane frå sør, men vi tenkte å køyre vegen innover og gå råket som er teikna inn til Store i frå nord.
Frå Slidre køyrde vi til Bagn, og derifrå oppover mot aust. Vi tok av frå hovudvegen ved Breidablikk, og køyrde sørover, her vart det fort grusveg. Ved Nedre Braka tok vi av frå denne, og køyrde bomvegen (50kr) innover forbi Myrvang, mot Skjellingshovde. Vegen heiter Tverrvassvegen, og på kartet skal det gå ann å køyre han heilt over til Dokka. Diverre gjekk ikkje det. Ved Skålvatnet kom vi til låst bom, og vi måtte gje opp planen om Skjellingshovde. Vi køyrde attende til bommen inn mot Gravesætrin, og parkerte der.
Frå bommen gjekk vi innover vegen, og tok etter kvart av på traktorvegen. Traktorvegen tok slutt ved kommunegrensa, derifrå gjekk vi i terrenget opp og ned på toppen.
Eg gløymde å skru av appen ved bilen, så då ein liten del av bilturen er med på GPS-sporet. Har justert tid og kilometer.
Benutzerkommentare