Fannaraaken (04.08.2019)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Helgedalsbotn (1,003m)
Endpoint Turtagrø (1,017m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 49min
Distance 8.3km
Vertical meters 1,108m
GPS
Ascents Fannaråken (2,068m) 04.08.2019 12:58

”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august.
Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte.
Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved Skautefossen. Og den skaut bra, for fruen påsto ho hadde sove berre 2 minuttar om natta. ”Bjådlesauedn” gav òg sitt bidrag til ei uforgløymeleg natt. Me hadde lagt oss midt i trakket til saltsteinen deira.
Neste morgon rann med blå himmel og roleg luft og etter frukost la me i veg opp anleggsvegen som går til Styggedalen. Stien til Fanaråken tek av i 5. sving.
Over elvi og vel oppe til Ekrehytta hadde me lagt bak oss 200 høgdemeter. Det er flott sti heile vegen, og ferdig med grasbakkane var me komne på 1900 moh. Me ser ned på Skautevatnet og vatnet nedst i Styggedalen, med forskjellig farge. Lett å sjå kva som er smeltevatn frå breane. Vidare er det stein og ur, men fint å gå likevel. Opp ryggen passerar me Marangsgjelet med spektakulært utsyn ned gjelet og opp på tinderekkja.
Hurrungtindane hadde me med oss frå langt nede i bakkane. Ein kan nesten mista pusten av det ein ser.
Rett før toppen var det laga til ein tank med smeltevatn der me kunne fylla vassflaskene.
Me brukte 3 t 15 min til toppen. Heile fotturen tok 6 t 50 min og var 8,3 km lang og me forserte 1108 høgdemeter.
Frå Turtagrø til Helgedalsbotnen er det 4 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.