Perfekt dag til Tomskjevlen (01.08.2019)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 30min
Distance 9.0km
Vertical meters 977m
GPS
Ascents Tomskjevelen (921m) 01.08.2019

Tok båten kl 1005 frå Nesna og køyrde til parkeringslommen ved Fossland. Medan vi rigga oss klare der, kom enda eit par i bil og parkerte ved sida av oss. Dei skulle gå same turen. Vi gjekk greitt opp til vatnet, og fortsatte opp stigen og ryggen som venta oss. Bratt stig utan særleg mange repos! Då vi hadde halde koken ganske lenge tykte vi, hadde vi faktisk 500 hm att! Men grei stig, nokre småvardar, og ikkje mogleg å gå feil. Vilde gjekk opp på 1 time og 50, det imponerte særleg meg, som var heilt nøgd med 2 timar og 5. Vi var på toppen i vindstille og med perfekt skyfritt rundskode i 45 minutt. Fabelaktig utsiktspunkt. Medan vi var der kom fire+1 person og to hundar. og dei to frå parkeringsplassen møtte vi på vegen ned, så alt i alt ni personar på Tomskjevlen denne dagen. Tok ein liten køyretur rundt øya, og registrerte massevis av kulturminne(sjekk Riksantivarens kulturminnesøk.no), og spektakulær strand og pinnaklar og utsyn mot Lovund på Tomseidet. Tom og Vilde var med. 4 timar og 33, 977 hm, 9 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.