Siljevik i Montenegro (27.07.2019)

Written by Ingebjørgpåtur GSM

Map
Ascents Siljevik (1,452m) 27.07.2019
Visits of other PBEs Za Vratlom (1,160m) 27.07.2019

Fin-fin tur som starta med taxi frå Igalo / Herceg Novi opp til ca. 800 moh ved det tidlegare hotellet Borici. Vi fylgde grusvegen til vi tok av til høgre opp i fjellsida (godt merka).

Siljevik med grøn markør. Siste stykket har dei lagt om råsa; ein kjem midt opp i skaret mellom Siljevik og Robodo, og følgjer då merkinga mot Siljevik. Vi vurderte å følge kart-merkinga nedover, men det såg ganske gjengrodd ut den vegen, så vi droppa det.

Det var nokre grader kjøligere opp i fjellet der enn nede i byen + at vi gikk ein god del i skog og hadde ein fin bris det meste av turen. Dermed var ikkje varmen eit problem.
Ein orm helste på oss med fresing, men han stakk av, og elles var det berre idyll.
Vi brukte ca. 2 timar opp.
Følgde merka sti til turisthytta Subra. Der fekk vi kjøpt kaffi, kald drikke og kake (trur vi kunne fått annan mat også). Anbefalar ein tur dit.
Vi følgde vegen ned igjen og gikk vidare nedover til 500 moh der vi venta på buss, og så vart det til slutt haik �

Her følgjer eit bildegalleri, men rekkefølga vart ikkje kronologisk etter opplasting :-/

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.