Vaset og 3 Lærdalstoppar (26.07.2019)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 6h 10min
Distance 38.0km
Vertical meters 1,581m
GPS
Ascents Bidlesteinnosi (1,650m) 26.07.2019 15:48
Bjordalshaugen (1,548m) 26.07.2019 16:21
Grindi (1,544m) 26.07.2019 17:06

Kvifor gjere det enkelt ? Av turen på 38 km er 27 km på sykkel, og over 1000 høgdemeter. Byrja ved Borgund Kraftverk, ca 400 moh. Følgde anleggsvegen opp og innover. Fyrst er det 12 svingar, så banan. Det er framleis skikkeleg bratt. Etter vel ein time var eg ved Vaset-dammen, 1095-1125. Kraftig stigning i kombinasjon med nytt dekke, grov pukk, gjorde sykkelturen vidare innover krevjande både teknisk og kondisjonsmessig. Det var noko lenger enn tenkt. Så etter 2 timar 5 min, var eg klar for gåtur til dei tre toppane :) Fotturen vart lettare og kjappare enn eg hadde sett føre meg. Følgde flænene inn mot foten av Bidlesteinsnosi, og gikk ganske rett på. Kom opp på ryggen, litt over, slik at eg fekk fin utsikt til Kaldevatnet og området nordaust. Måtte ta inn litt inntrykk her, for etter kvart å sleppe meg ned i retning Bjordalshaugen. Det gikk fint, og etter ein god halvtime stod eg på toppen. Veldig fin utsikt herifrå, og det vart knipsa bilder 360. Så bar det i retning Grindi. Ned Bjordalshaugen i nordvestleg retning. Var heldig og gikk på ei eit lite skar mellom fleire hamrar. Stigninga opp til Grindi var snillara enn vurdert på avstand. Flott utsikt også her. Tok sjans på relativt rett ned frå Grindi. Med noko sjekk av hyller bortetter, gikk det greitt. Då var det å ta ut kurs mot der eg hadde sett att sykkelen. Vedlagde kartspor syner ruta for heile turen. Det var min fyrste tur i dette terrenget sidan eg som 11-12 åring var her i bil saman med foreldra. Må seie at det er eit veldig fint fjellområde. Fine fiskevatn, og skilta ruter til dei ulike vatna og hytter. Flott for sportsfiskarar. Sykkelturen nedatt, dei 13,5 km, gikk lettare enn opp :) Vel 40 minuttar så var eg nede ved Lo. Frå Vaset og innover er det på ca. 70 % av strekninga lagt svært grov pukk på vegbana. Det må vere ei årsak, men vegen hadde ei heilt anna komfort i sonene der dette ikkje var lagt på. Det var ei utfordring med sykkel, både opp og nedatt. Samstundes litt spennade og. Ei stor oppleving denne turen :)

Vasetdammen
Vasetdammen
Bidlesteinsnosi. Toppen er lengst til høgre.
Bidlesteinsnosi. Toppen er lengst til høgre.
Toppunktet Bidlesteinsnosi, og fjellet nordvestover.
Toppunktet Bidlesteinsnosi, og fjellet nordvestover.
Bjordalshaugen.
Bjordalshaugen.
Frå Bjordalshaugen mot Mjåvatnet.
Frå Bjordalshaugen mot Mjåvatnet.
Frå Bjordalshaugen mot nord.
Frå Bjordalshaugen mot nord.
Mot Grindi.
Mot Grindi.
Toppunktet Grindi.
Toppunktet Grindi.
Mot den flotte varden på Grindi lenger nordvest (ligg lægre).
Mot den flotte varden på Grindi lenger nordvest (ligg lægre).
Nesdalen. Ein kan sjå Brattegalden, og husa ved Tråve (om ei forstørrer).
Nesdalen. Ein kan sjå Brattegalden, og husa ved Tråve (om ei forstørrer).
Grytingen og Bringe langt borte. Klar for retur.
Grytingen og Bringe langt borte. Klar for retur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.