Skammevarden (08.07.2019)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Ljosådalen bru over Otra (420m)
Endpoint Ljosådalen bru over Otra (420m)
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 45min
Map
Ascents Nautetofjellet (986m) 08.07.2019
Rjuveheii (1,293m) 08.07.2019
Nordaust for Rjuvtjørni (1,394m) 08.07.2019
Skammevarden (1,418m) 08.07.2019
Skjerkenuten (1,404m) 08.07.2019

Skammefjell ligger litt utilgjengelig til i Rjuven i Setesdal vesthei, men overkommelig på ein lang dagstur frå Setesdalen. Gjekk på grusveg drøyt 4 km vestover Ljosådalen (hadde ikkje med sykkel denne gongen). Vegen går opp til ein demning i Ljosåni, og så er det sti vidare ca 1 km vestover på sørsida av elva. Så kom eg inn på T-sti som går sørover til Bossbu og Stavskardhytta. Hadde tenkt å følge denne stien til stiens høgaste punkt snaut 5 km aust for Skammevarden, men etter elvepasseringa aust for Nautetotjørna fant eg ikkje sti på andre sida av elva. Bestemte meg då for bare å gå rett sørvestover direkte mot Skammevarden. Fleire ettermiddagsbøyer kom nordfrå over Setesdalen, og fekk ei lett regnbøye over meg mens sola skein lenger vest.
Kom til topps etter snaut 6t i bedagelig tempo. Vardebok som låg i pose i tuppervareboks litt inne i varden. Boka var dessverre gjennomblaut og lot seg ikkje skrive i. Siste signatur i 2016. Etter 1t pause gjekk eg vestover til Skjerkenuten og den namnlause 1394-toppen. Retur over Rjuveheii og Nautetofjellet og inn på T-stien siste stykket ned til Ljosåni. Siste etappe på umerka sti og grusveg i Ljosådalen ned til Otra.

Låst bom på brua over Otra.
Låst bom på brua over Otra.
T-sti i skogen sørover opp frå Ljosådalen.
T-sti i skogen sørover opp frå Ljosådalen.
Myrete terreng i området aust for Nautetofjellet.
Myrete terreng i området aust for Nautetofjellet.
Bru over utløpselva frå Nautetotjørna.
Bru over utløpselva frå Nautetotjørna.
Oppstigninga mot Skammefjell. Nautetotjørna og Nautetofjellet i venstre bildehalvdel.
Oppstigninga mot Skammefjell. Nautetotjørna og Nautetofjellet i venstre bildehalvdel.
Snøfonn som kalver i ei tjørn på ca 1350 moh.
Snøfonn som kalver i ei tjørn på ca 1350 moh.
Skammefjell sett nordfrå.
Skammefjell sett nordfrå.
Skammevarden med trigpunkt på austsida av varden.
Skammevarden med trigpunkt på austsida av varden.
Nordaustover.
Nordaustover.
Austover mot Dravleskarven 1390 i midten og Svarvarnuten 1377 t.h.
Austover mot Dravleskarven 1390 i midten og Svarvarnuten 1377 t.h.
Sørover mot Skammevatnet, Nutevatnet, Botnsvatnet og litt av Rosskreppfjorden.
Sørover mot Skammevatnet, Nutevatnet, Botnsvatnet og litt av Rosskreppfjorden.
Nordvestover med Voilenuten 1343 litt t.h. for midten.
Nordvestover med Voilenuten 1343 litt t.h. for midten.
På Skjerkenuten.
På Skjerkenuten.
Mot Skammefjell i midten.
Mot Skammefjell i midten.
Sørover mot Urdalsknuten i bakgrunnen.
Sørover mot Urdalsknuten i bakgrunnen.
Nordover med Voilenuten t.v.
Nordover med Voilenuten t.v.
På 1394-toppen med Skjerkenuten i midten bak.
På 1394-toppen med Skjerkenuten i midten bak.
Sørover med Rjuvvatnet og Revsvatnet t.h. Urdalsknuten lengst bak.
Sørover med Rjuvvatnet og Revsvatnet t.h. Urdalsknuten lengst bak.
Stort sett snaufjell over 1200 moh.
Stort sett snaufjell over 1200 moh.
På Rjuveheii med tilbakeblikk mot Skammefjell og Skjerkenuten.
På Rjuveheii med tilbakeblikk mot Skammefjell og Skjerkenuten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.