Siste i Hedmark, blindebukk i steinurda (21.07.2019)  3

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 42min
Distance 10.7km
Vertical meters 797m
GPS
Ascents Nordre Sålekinna (1,595m) 21.07.2019

Eg pleier ikkje å gå desse litt større toppane i dårle værmelding, men gjorde eit unnatak i dag. På veg heim frå Trondheim, overnatta på Røros, hadde gått til Melhus-toppen dagen før, og det var berre Sålekinna i Os eg mangla, så eg kledde meg i regnbukse og Goretex, og starta å gå litt etter 1000 frå parkeringsplassen ved Øversjøen gard. Toppen låg i skodde, men riset mellom dei to toppane låg under skodda. Følgde stigen litt for langt oppover mot den høgre toppen og måtte krysse ei ur horisontalt for å kome bort til vardane som står på bandet mellom toppane. Skodda låg eit stykke oppover, så eg hadde litt grunnlag for å velje ei austre rute oppover, mest grass og ikkje så bratte hamrar. Hadde venta meg nokre varder å følgje, men fekk ikkje auge på nokon. Fann ei slags rute opp, og gjekk på ut-appens GPS for å finne varden i tett skodde. Vind, regn og skodde gjorde ikkje toppen ein blivande stad. Tok på hanskar, og fomle meg nedover i våt ur. Fann sjølvsagt ikkje traseen eg hadde kome opp, og kom for langt mot høgre, fann ut at eg burde ha gått på GPS-sporet på klokka frå eg starta, men brukte det etter kvart for å kome meg inn på rett spor i dalen. Skodda låg dessverre lågare på nedturen. Brukte litt tid på sjølve toppunktet på denne måten; men så gjekk det radig nedover. Skifta og åt nista i bilen. Tre timar og 40 minutt på turen, 10;7 km, 796 hm. Gjekk aleine og var glad for at heile Hedmark no er i boks.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.