Tydalsnebba (20.07.2019)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Kårvatn P-plass (210m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Revholfjellet (1,042m) 20.07.2019
Tydalsnebba (1,295m) 20.07.2019
Somartur til Tydalsnebba med ein liten avstikker til Revholfjellet. Start frå Kårvatn og langs T-merka sti inn til Naustådalssetra. Herifrå gjekk vi av stien og sikta oss inn på høgda som ligg over Rismobotnvatnet. Her kunne vi med fordel ha holdt oss nærmare Tverråa for å unngå å måtte gå så mykje opp og ned, noko vi klok av skade gjorde på tur ned. Opp til neste høgd, og opp langs ryggen til toppen av Revholfjellet. Ned til Revholbotn og rundt Revholbotnvatnet om austsida. Herifrå blei det teke ei vurdering av kva som skulle bli ruta til topps. Frå Revbotnfjellet hadde skråninga som førte rett opp til Tydalssnebba sett uhyggeleg laus og bratt ut, så tanken var i utgangspunktet å sikte seg inn på Tydalsnebba Vest, og derifrå gå aust mot hovudtoppen. Når vi no var kome nærmare såg derimot direkteruta opp til Tydalsnebba mykje greiare ut, og vi tok sjansen på eit frontangrep. Oppstigninga gjekk veldig fint. Vi fulgte graskledde område så langt det gjekk, og måtte ikkje klyve i steinur før heilt mot slutten, og her var steinura stor og stabil. Vel oppe på toppen kunne vi nyte ei fin panoramautsikt over fjellheimen. Nedturen gikk ned langs ryggen i retning Tydalsnebba vest, før vi nokså tidleg på ryggen svinga nedover mot Revholbotnen langs dei formasjonane av fast fjell som var å finne. Vel nede fuglte vi terrenget ned att til Naustådalssetra, og tilbake til bilen.
Frå Tydalsnebba mot Tydalsnebba vest. Uvêrsskyer på veg inn.
Frå Tydalsnebba mot Tydalsnebba vest. Uvêrsskyer på veg inn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.