De sju søstre (17.07.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Breidtinden (910m) | 17.07.2019 12:24 |
---|---|---|
Kvasstinden (1,010m) | 17.07.2019 14:23 | |
Litlmarkholten (899m) | 17.07.2019 16:51 | |
Tvillingan Sørtoppen (980m) | 17.07.2019 17:40 | |
Tvillingan Nordtoppen (945m) | 17.07.2019 18:11 | |
Skjerdingen (1,037m) | 17.07.2019 19:01 | |
Grytfoten (1,019m) | 17.07.2019 20:44 | |
Botnkrona (1,071m) | 17.07.2019 21:50 | |
Visits of other PBEs | Sandnessjøen (0m) | 16.07.2019 |
Svarga (403m) | 17.07.2019 23:25 | |
Alstahaug middelalderkirke (10m) | 18.07.2019 | |
Syv Søstre p-plass nord (65m) | 18.07.2019 00:32 |
Vi kom til Sandnessjøen tysdag kveld, og overnatta på Sandnessjøen Overnatting i sentrum. Vi forsøkte å finne ut om det gjekk buss mellom parkeringsplassane til de sju systrer, men det såg ikkje slik ut. Vi ringte difor etter taxi, som skulle køyre oss frå den nordlegaste til den sørlegaste parkeringa klokka ti.
Onsdag sto vi klare på den nordlegaste parkeringa litt før ti, men det varte og rakk før taxien dukka opp. Halv elleve kom han. Prisen derimot var grei, 212 kroner kosta det.
Tjue på elleve kunne vi gå i vegen oppover den lange motbakken mot Breidtinden. Det var spådd fint vêr denne dagen, det hadde vi ikkje til å byrje med. Den fyste matpause tok vi like nedunder fyste topp, på om lag 700moh. Skodda kom, og det var kjøleg å sitte i ro. Skodda øydela også utsikta frå Breidtinden.
Ned frå Breidtinden var det stadvis bratt, og ganske laust, og det var langt ned. Oppover mot Kvasstinden satt Kristine frå seg sekken sin ved råket vidare mot dei andre systrene, og eg tok ut nesten alt eg hadde i min. Godt råk opp til Kvasstinden.
Nede att fylte vi alle flaskene fulle, og gjekk mot Litlmarkholten. Hundre høgdemeter nedunder toppen tok vi ein lang rast, nå hadde vêret vorte som spådd, og det var godt og varmt og flott utsikt. Oppe på Litlmarkholten bygde vi litt meir på den vesle varden.
Videre gjekk turen på Tvillingan. Rart at boka er på den lågaste toppen på Nordtoppen, høgaste var enkel å gå på. Så gjekk vi vidare over Skjerdingen og Grytfoten på veg til Botnkrona. Kjekt å komme opp på høgaste, og siste, topp. Flott utsikt.
Turen ned frå Botnkrona var den lengste delen av turen, og kanskje den tyngste. Det var tungt for slitne bein med så mykje nedover. Vi var nede att i halv eitt-tida, etter å ha vore på tur i 13 timar og 53 minuttar.
Alt i alt vart det ein flott tur. Vi møtte på nesten fleir folk på denne turen, enn vi har gjort på alle andre turar i Nord-Norge dette året til saman. Så dette er populære fjell. Det var også ein del andre som gjekk heile turen.
Nede att køyrde vi frå parkeringa og inn grusvegen mot grustaket nokon hundre meter nord for parkeringa. Der overnatta vi i bilen.
På torsdag hadde vi eigentleg tenkt å gå tur, men føtene våre var ganske tunge. Det vart fyst eit visitt til mellomalderkyrkja i det gamle bispesetet på Alstahaug. Etter det var det bading, lassokasting og fotballgolf på Tømmervika på Offersøya sør for Alsta.
User comments