Endeleg Surtningssue - i draumever! (13.07.2019)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 10h 30min
Distance 22.5km
Vertical meters 1,481m
Map
Ascents Surtningssue (2,367m) 13.07.2019

Etter å ha følgd med på yr for utvalde helger over fleire år, bestemte vi oss for å prøve Surtningssue denne helga. Fullkomen vermelding, og slik blei det også. Køyrde frå Oslo kl 1200, rakk siste båten frå Gjendesheim kl 1730, og spiste middag på Memurubu fredag kveld. Vi starta å gå kl 0990, og valde å gå Raudhamrane opp, og Memurudalen ned. Perfekt vêr, vindstille, sol, men ikkje for varmt i motene. Men starten var litt brutal, 500 hm som Tom gjekk litt fortalte enn eg ville ha likt, og eg merkte at forma ikkje var heilt på topp. Då vi kom fram til løypekrysset ned til Memurudalen presterte eg å snuble på nesten flatmark og datt slik at eg øydela speilreflekskameraet som eg bar over skuldra. Knærne og handa blei skrubba opp, men ikkje så ille at det øydela noko for turen vidare heldigvis. Det bratte stykket frå løypekrysset var skikkeleg bratt og litt ekkelt fordi det var så mykje laus grus og sand der. Men vi forserte ganske greitt, og etter nokre pustepauser, kom vi opp til skringsbua. Turen derifrå og opp til toppen var ganske dryg med tunge bein, men vi nådde toppen greitt, og der var vi vel i ein time og snakka med folk som vi hadde passert eller blitt passert av på vegen opp. Fantastisk rundskode, vi såg «alt»! Maten smakte godt, men vi hadde også fylt på med mat på vegen oppover. Oppturen tok oss 5 timar og ni minutter inkludert pausane. Nedover tok vi følgje med tre hyggjelege folk på vår alder frå Vikersund. Dei hadde brukt sju timar opp, så fem var ikkje så gale, tenkte vi. Vi gjekk forsiktig nedover til løypekrysset att, ingen uhell denne gongen. Vakkert ut Memurudalen, med godt underlag å gå på etter all steinen tidlegare. Men den siste 1,5 timen blei dryg, dette er ein skikkeleg lang dal! Vi var rett og slett forsynte då vi kom tilbake til Memurubu noko før 1930. Dusj og siste bordsetning smakte bra. Heimturen tok oss fire timar og vel 20 minutt, men vi var altså på tur i 10,5 timar. Bortsett frå kamerauhellet, var det ein perfekt gjennomført tur i forhold som ikkje kunne ha vore betre. Vindstille rast på toppen! 22,56 km, 1481 hm, 10 t 26 m totaltid. Tom var med.

User comments

  • -
    avatar

    Takk!

    Written by bakken59 15.07.2019 20:27

    Kosar meg med denne karamellen i dag. Stolt!

  • -
    avatar

    Gratulerer fra meg også

    Written by anneirik 15.07.2019 13:48

    Flott at dere fikk turen og med godt vær. Synd med kamera, men hadde vært verre om du hadde skada deg.

  • -
    avatar

    Gratulerer !

    Written by morsor 15.07.2019 04:59

    Endelig fikk du også denne giganten !

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.