Koldedalen og Uradalen med fleire (10.07.2019)
Skrevet av JonnyA (Jonny Asperheim)
Startsted | Koldedalen (1217moh) |
---|---|
Sluttsted | Koldedalen (1215moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 9t 04min |
Distanse | 16,3km |
Høydemeter | 778m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Uradalsvatnet S1 (1358moh) | 10.07.2019 11:08 |
---|---|---|
Fleskedalsnosi (1780moh) | 10.07.2019 14:44 | |
Andre besøkte PBE'er | Stikryss Fondsbu-Skogadalsbøen-Koldedalen-Vetti (1335moh) | 10.07.2019 18:00 |
Kjempeflott dag i fjellheimen saman med min kjære turven. Me tok det veldig med ro denne dagen og nytte godvêret og det utruleg flotte området. Starta ved Raudehaugen i Koldedalen etter ein halvtime med svært dårleg anleggsveg. På utosen av Uradalsvatnet etter ein time. Etter 2,5 timar var me ved nordenden av Uradalsvatnet. Her tok me opp bakkane mot skaret mellom Skarbottstinden (kartnamnet) og høgde 1693. Etter ytterlegare 1 time var me oppe i skaret. Her måtte me gå rundt på sørsida av tjernet ettersom det låg ei bratt snøfonn ned på nordsida og normalt korteste vegen. Siste etappen sørover mot mot toppunktet var grei, lett å gå på dels lange svaberg. Var på toppen kl 14.40, 4 timar og 40 minuttar etter start. Flott utsikt mot tindene våre, spesielt Falketind, Stølsnostind og,Koldedalstind og Hjelledalstind. Elles flott utsikt ned Fleskenosdalen og Skarbotn. På turen attende tok me det skikkeleg med ro. Lite folk å sjå i fjellet enno. Møtte 4 turgåarar langs Uradalsvatnet og 2 personar var på veg opp Snøggeken mot innstegspunktet til Pionèr-ruta til Falketind.
Starttidspunkt | 10.07.2019 10:00 (UTC+01:00 ST) |
Sluttidspunkt | 10.07.2019 19:02 (UTC+01:00 ST) |
Totaltid | 9t 02min |
Bevegelsestid | 7t 30min |
Pausetid | 1t 32min |
Snittfart totalt | 1,9km/t |
Snittfart bevegelsestid | 2,2km/t |
Distanse | 16,9km |
Høydemeter | 881m |
Benutzerkommentare