Gaular: 2000-jubileum (08.07.2019)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Oppedal fjellvegen (930m)
Endpoint Fyling (210m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 22.6km
Vertical meters 1,000m
Map
Ascents Djupegilsnova (1,150m) 08.07.2019
Geitanova (1,185m) 08.07.2019
Holtsnipa (1,139m) 08.07.2019
Knausen (1,142m) 08.07.2019
Steinnova (1,177m) 08.07.2019
Stolen (1,150m) 08.07.2019
Hadde ikkje med GPS på denne turen. Berre ei klokke, så distanse og høgdemeter stemmer. Her er ruta teikna inn på kartet.
Hadde ikkje med GPS på denne turen. Berre ei klokke, så distanse og høgdemeter stemmer. Her er ruta teikna inn på kartet.
Det nærmar seg det værste partiet av veien.
Det nærmar seg det værste partiet av veien.
Sylvi på Geitanova, vi skiller lag her.
Sylvi på Geitanova, vi skiller lag her.
Sylvi skal gå tilbake og kjøyre bilen nedigjen. Vi ser veien i fjellsida.
Sylvi skal gå tilbake og kjøyre bilen nedigjen. Vi ser veien i fjellsida.
Frå Holtsnipa ned i Viksdalsvatnet.
Frå Holtsnipa ned i Viksdalsvatnet.
Frå Holtsnipa mot Viksdalen
Frå Holtsnipa mot Viksdalen

Vi hadde 2 bilar til dette prosjektet , og planen var å dele oss etterkvart. Parkerte den eine bilen på Fyling/Følling etter avtale med grunneigar. Kjøyrde så til Oppedal der det er bomveg Oppedal-Stølsdalen kr 50 som betalast kontant. No hadde vi ikkje nok pengar men Vippsa til naboen som skulle legge 50 kr i kassa. Veien oppover er eit kapittel for seg sjølv. Her må du ha 4x4 og god bakkeklaring. Store steinar stakk opp her og der så noko senka BMW passar ikkje her. Etter støylen ser vi veien som er skoten inn i fjellsida. Vi kjøyrde sakte oppover, passerte ei stor steinblokk som låg midt uti veien, og over pukka parti som i tillegg var veldig smale. Ingen sikring mot stupet. Fyflate for ein vei! Må innrømme at dette var heftige greier. Snudde bilen og parkerte på 930 moh. Gjekk først mot Stolen, så tilbake nordover mot Steinnova og Geitanova. Her skilde vi lag. Blinka ut kortast muleg retur for Sylvi til bilen. Den ruta gjekk nord for Steinnova langs ein grasbakke oppunder fjellet. Så skulle ho med høg puls og hjertet i halsen kjøyre bilen ned igjen. Dette gjekk heldigvis bra begge deler. Eg holdt fram vestover i lett terreng mot Djupegilsniova og Holtsnipa. Kasse og bok på Holtsnipa, Viksdalen idrettslag. Delvis merking og svak sti oppover mot Holtsnipa. På returen var det vanskeleg å finne sti mot Espesetstølen. Her var det utført eit flott vedlikehaldsarbeid på stølsbygningane. Så er visst denne familien snikkarar fekk eg vite seinare. Fin sti nedover til eg kom inn på skogsveien ned til Følling. Her var det meget velstelt og flott. Møtte grunneigaren og sa kva eg meinte om innsatsen hans. Veldig fint å kome til slike plassar som ikkje ser ut som eit ruskereir bebodd av skrotnissar og ruskebjønnar.

User comments

  • -
    avatar

    Grattis med jubileum !

    Written by ligroenb 08.07.2019 22:38

    Vi får ta feiringa når du kommer hjem ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.