Arnøyhøgda og to turar på Skjervøya (08.07.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Arnøyhøgda (1,170m) | 08.07.2019 14:26 |
---|---|---|
Silstøaksla (839m) | 08.07.2019 15:20 | |
Lailafjellet (205m) | 08.07.2019 18:12 | |
Skattørfjellet (347m) | 08.07.2019 21:18 |
Tur 1: Arnøyhøgda
Arnøyhøgda på Arnøya i Skjervøy var turmålet i dag. Vi tok ferga frå Kågen via Laukøya til Arnøya klokka 10. Vi køyrde innover ein traktorveg og parkerte like før steinbrotet mellom Tjuvdalen og Nygård, kunne ha køyrd heilt inn.
Vi såg ikkje råket som starta like før steinbrotet, så vi gjekk i ur og kratt til å byrje med. Mykje betre å følgje råket som vi gjorde på returen. Fint oppover Tjuvdalen, med litt sporadisk råk.
Frå 400moh og oppover var det ein del snø. Grei å gå i oppover, veldig fin å gå/skli på nedover, det spara mykje tid. Gjekk for det meste på berg/ur oppover og på snø nedover.
Fenomenal utsikt på toppen og strålande sol. På veg ned gjekk vi oppom Silstøaksla. Var attende på fergekaia i god tid til ferga som gjekk klokka 17.05.
Tur 2: Lailafjellet
Attende i leilegheita fann vi ut at vi mangla nokre ingrediensar til middagen, så da måtte vi på butikken. Da vi uansett måtte ut med bil, tok vi like gjerne ein liten tur i kombinasjon med handlinga. Vi parkerte på oversida av kyrkjegarden, og følgde råket opp til toppen. Fin utsikt.
Tur 3: Skattørfjellet
Etter å ha ete middag ville vi ete dessert på Skjervøyas høgaste fjell. Vi pakka med jordbær, melis og Baileys og gjekk i vegen. Vi gjekk til enda av gata, og håpa at det skulle gå råk derifrå, det gjorde det ikkje. Så vi gjekk i myrlendt og krattfullt terreng til vi kom inn på det innteikna råket. Ned att følgde vi råk heile vegen, råket var teikna inn på kartet om ein fjernar det topografiske noregskartet.
Satt lengje på toppen og kosa oss med dessert, kveldssol og flott utsikt.
Bilder frå turen på Arnøyhøgda
Frå parkeringa/tidleg på turen
Snørenner på veg ned
User comments