Koppartind, to toppar i Skjervøy og helleristingane i Alta (07.07.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Laslettind (822moh) | 07.07.2019 14:32 |
---|---|---|
Olderbakkfjellet (906moh) | 07.07.2019 14:57 | |
Koppartinden (930moh) | 07.07.2019 15:26 | |
Stortua (185moh) | 07.07.2019 19:53 | |
Stussnesfjellet (161moh) | 07.07.2019 22:00 | |
Andre besøkte PBE'er | Helleristningene i Alta (Unesco-listen) (20moh) | 07.07.2019 11:50 |
Laslettind P-lomme (162moh) | 07.07.2019 13:18 | |
Storvannet p-lomme (65moh) | 07.07.2019 19:38 |
Endeleg flott vêr at! Vi skulle køyre sørover frå Alta til Skjervøy, turmålet undervegs vart Koppartind.
Fyst vart det eit stopp i Alta, på helleristingane på Hjemmeluft.
Koppartind
Turen opp til Koppartind byrja på bra og merka råk. Men råket forsvann ikkje høgt oppi lia. Men terrenget var fint og lett å gå i, så det var ikkje noko problem.
På båe Laslettind og Olderbakkfjellet var det store vardar og turbok. Båe stader var disse plassert eit lite stykke unna høgaste punkt.
I mellom Olderbakkfjellet og Koppartind var det ein del snø, men det var fint å gå der.
På Koppartind bygde vi to nye vardar. Den fyste på ein liten sidetopp/pinakkel med 4-5 meter i primærfaktor. Den andre varden var ein kraftig forstørring av den som allereie var på toppen.
Ein flott tur i strålande vêr.
Stortua og Stussnesfjellet
Like før vi var framme ved AirBnb-leilegheita på Skjervøy tok vi ein liten tur på Stortua på ei halvøy på Kågen. Kort og lettgått tur utan råk.
Etter å ha ete middag tok vi ein tur i frå leilegheita opp på Stussnesfjellet. Kort og fin tur på bra råk, og fin utsikt på toppen.
User comments