Tur til Nordkapp (05.07.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Nordkapp (305m) 05.07.2019 11:32
Davvenjárga (325m) 05.07.2019 13:25
Vestfjordfjellet (336m) 05.07.2019 13:46
Guonnavárri (325m) 05.07.2019 16:43
Storklubben (137m) 05.07.2019 17:50
Steinfjellet (384m) 05.07.2019 20:39
Visits of other PBEs Hammerfest (0m) 05.07.2019
Nordkapp (305m) 05.07.2019 11:32

Tur med Nordkapp som mål. Vêret var spådd finast tidleg på dagen, så vi tok ein tidleg frukost på hotellet, og køyrde frå Hammerfest klokka 8.10. Framme ved Nordkapp litt over elleve, der fann vi ut at vi ikkje ville betale inngang, så vi snudde ved bommen og køyrde ein kilometer attende. Vi parkerte på ein parkeringslomme ved maste ved vegen til Davvenjarga.

Derifrå gjekk vi til Nordkapp, det er gratis inngang for gåande og syklande. Vi gjekk fyst rundt på Nordkapp-platået, som var veldig fint, før vi gjekk inn i bygningen. Der inne var det også fint, med ein del krigshistorie frå området, og ein fin film om Nordkapp.

Attende til Hammerfest hadde vi tenkt til å gå nokre småturar. Fyste tur vart Davvenjarga. Eg starta Peakbook-appen rett utfor døra på Nordkapp-bygget. Det vart ein fin tur i lett duskregn. Terrenget vi gjekk i mellom bilvegen og Davvenjarga var lettgått og fint.

For den andre turen køyrde vi nokre få kilometer sørover, til parkeringa til Knivskjellodden. Derifrå gjekk vi den veldig korte turen opp til Vestfjordfjellet. Vi forstørra varden ein god del før vi gjekk ned til bilen at.

Tredje tur vart Guonnavarri i Porsanger. Vi parkerte på ein lomme på E6 og følgde eit ATV-spor gjennom den korte skogen, og følgde ryggen til toppen.

Fjerde tur gjekk til Storklubben ved Klubbukt i Repparfjorden. Vi gjekk opp i terrenget frå nordsida, det var fint terreng å gå i. Det såg ut til at det kanskje gjekk eit råk i frå Klubbukt.

Femte og siste tur for dagen gjekk vi etter å ha ete ein god middag på Hammerfest Pizza og Grill. Vi køyrde til skitrekket ved Prærien, og gjekk på Steinfjellet.

Nordkapp

Davvenjarga

Davvenjarga frå Nordkapp
Davvenjarga frå Nordkapp
Davvenjarga frå Nordkapp
Davvenjarga frå Nordkapp
Nordkapp frå Davvenjarga
Nordkapp frå Davvenjarga
På Davvenjarga
På Davvenjarga
Mot Vestfjordfjellet frå Davvenjarga
Mot Vestfjordfjellet frå Davvenjarga

Vestfjordfjellet

Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet
Vestfjordfjellet

Guonnavarri

Mot Guonnavarri
Mot Guonnavarri
På Guonnavarri
På Guonnavarri

Storklubben

Nordover frå Storklubben
Nordover frå Storklubben
Sørover frå Storklubben
Sørover frå Storklubben
Kristine ved varden på Storklubben
Kristine ved varden på Storklubben
Torskefjellet på Kvaløya frå Storklubben
Torskefjellet på Kvaløya frå Storklubben
Repparfjorden frå Storklubben
Repparfjorden frå Storklubben
Storklubben
Storklubben

Steinfjellet

Skodde på Steinfjellet
Skodde på Steinfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.