Store Blåmann og Vardfjellet (03.07.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Store Blåmann (1,044m) | 03.07.2019 12:02 |
---|---|---|
Vardfjellet (604m) | 03.07.2019 20:13 | |
Visits of other PBEs | Slettneset parkering (10m) | 03.07.2019 09:50 |
Lattern krysset p-lomme (20m) | 03.07.2019 19:07 |
Store Blåmann på Kvaløya var målet for dagen. Vi prøvde å komme i gang så tidleg som mogleg, for å få mest mogleg sol på turen. Vi val same startsted som mange andre Peakbookarar, og gjekk på bra råk opp til toppen. I høgda var det ein del snø som var roten, og vi sank ein del og sklei bakover, så det vart ekstra tungt. På om lag 800moh mista vi råket i eit lite snøparti, og kom inn i eit skikkeleg klyveparti. Godt å ikkje gå der ned at. Storslått utsikt på toppen, og godt vêr. På nedturen tok vi ein lang pause i sola på om lag 600moh.
Etter turen på Store Blåmann køyrde vi vidare nordover, vi hadde ordna overnatting på Sandnes Fjord Camping ved Straumfjorden i Nordreisa. Undervegs på bilturen fann vi ut at vi ville ta ein tur til, og valet fall på Vardfjellet. Det var ein forholdsvis kort tur, men tung nok med Blåmannen i beina. Det var ganske bra råk, og eksemplarisk merking, heilt til toppen (råket går ikkje der det er teikna inn på kartet). Vêret var så som så, og det var inga sikt på toppen. Men ein fin tur.
User comments