Storala (30.06.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Storala (1,237m) | 30.06.2019 16:46 |
---|---|---|
Orta (654m) | 30.06.2019 18:42 | |
Visits of other PBEs | Bruhaug p-plass (110m) | 30.06.2019 14:06 |
Året vårt i Nord-Norge nærmar seg slutten, og i dag flytta vi ut av leilegheita. No skal vi køyre litt rundt i nord før vi sett kursen sørover til Valdres. Tilhengaren med flyttelasset skal vi ha ståande hos Jorunn på Silsand medan vi køyrer rundt oppi her.
I dag var det spådd varierande vêr, men på Storala i Bardu var det spådd fint. Storala ligg også fint til rett ved E6 ved Setermoen, noko som passa bra på vegen mellom Skånland og Senja.
Vêret var ikkje altfor fint når vi gjekk i vegen, det regna litt og Storala låg i skodda. Men det betra seg gradvis, og oppe i høgda fekk vi flott vêr. Nysnøen dei siste dagane var glatt og tung å gå på, men la ei fantastisk kulisse over landskapet.
Ned att gjekk vi oppom Orta. Veldig bra råk på mesteparten av turen.
User comments