Tre turar på Andøya (24.06.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Bjørnskinntinden (635m) | 24.06.2019 |
---|---|---|
Kvasstinden Andøy (705m) | 24.06.2019 | |
Stortinden (578m) | 24.06.2019 |
Tre turar på Andøya
Bilder av GPS-spor til Kristine frå turaneDa vi vakna opp på parkeringa til Bjørnskinntinden var ikkje vêret så ille. Så etter frukost vart det tur opp på Bjørnskinntinden. Dit opp var det veldig bra råk, og vêret held seg også nokon lunde bra heile turen.
Neste tur vart Kvasstinden, høgast på Andøya. Vi køyrde om Skoldehamn og sørspissen av øya og nordover at mot parkeringa i Norddalen. Vegen frå Svindalen til Norddalen var forferdeleg dårleg, knapt køyrbar. Råket oppover mot Kvasstinden var veldig blautt, men lett å følgje. Skodde på toppen diverre.
Siste tur for dagen vart Stortinden/Åberge. Etter å ha ete middag køyrde vi til campingplassen på Ånes. Vi følgde råket som gjekk oppover. Det var stort sett greitt å følgje, men i skogen var det mykje høgt og blautt gras. Skodde og inga sikt på toppen.
Vi overnatta så i bilen ved Ånes camping.
User comments