Lindbergtinden (18.03.2012)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Lindbergtinden (2,120m) 18.03.2012
Vest for Lindbergtinden (2,087m) 18.03.2012
Etter gårdagens tur til Leirhøe og nabotopper var ikkje kroppen klar for dei heilt store eskapadane så Lindbergtind var utvalgt som eit passe enkelt og raskt turmål. Været var litt gråare enn spådd men greit nok.
Starta frå Spiterstulen litt før ni med bikkjeglamkonsert av vaktbikkja på Spiterstulen. Martine & Signar la iveg innover mot Tverråbreen og eg forsøkte å henge på som best eg kunne.
Været tiltok og oppover breen vart det ordentleg bustate. Snøfokk og delvis ”white out” til tider og siden værmeldinga ga dårlege prognoser utover dagen var ikkje tanken om brudd og retur langt unna for min sin del. Men eg holdt kjeft og brant inne med mi meining og etterkvart letta det faktisk litt mot fortoppen. Satte att skia litt opp i sida for Nedre Tverråbandet og gjekk videre til fots. Kom etterkvart opp på ein smal egg og no tok godværet til for alvor.
Store Bukkeholstind, Bukkehøe, Styggehøe, Ymelstind, Tverråtind og ein rekke andre majestetiske topper braut ut av skodda i påskeværet på turen bortover eggen. Sjeldan har vel eit toppstøt vært så perfekt lagt.
Det lettner...
Det lettner...
Laus snø og dårlege nerver førte til at underteiknede stort sett gjekk knegang heile eggen bort til topppunktet og tilbake mens eg stirra døden i kvitauga i avgunnen på båe sider.
Mot toppen
Mot toppen
Crux'et passert og toppen står for fall...
Crux'et passert og toppen står for fall...
Mot Vesttoppen og Bukkehøa.
Mot Vesttoppen og Bukkehøa.

Vurderte ruta videre til vesttoppen men fant til slutt ut vi skulle returnere og slippe oss ned sida til Tverråbreen. Under knegangreturen byrja det å blåse opp men vi fortsatte ned frå fortopp punktet og ned på breen. Det vart litt skakt på slutten men gjekk greit. Oppover breen vart det gråare og gråare og på toppunktet var ikkje utsikta så interessant lengre. Signar ville sjølvsagt gå ryggen tilbake mens eg og Martine forsøkte å følge spora våre nedover breen . På mindre enn ti minutt hadde snø og vind fjerna mesteparten av spora våre.

Det gråner til.
Det gråner til.

Traff Signar oppe på fortoppen att og rusla ned til skia våre. Gråværet hadde satt inn for fullt og returen nedover breen var prega av kjedeleg skikøyring på konturlaus hardskare.
Nede på Spiterstulen helsa bikkja oss velkommen på samme måte den tok farvel omlag seks timer tidlegare.

User comments

  • -
    avatar

    Her var det mye

    Written by mortenh 24.04.2012 08:07

    fine bilder.. Likte spesielt bilde av crux'et med Bukkehøveggen i bakgrunnen. Det er en ganske massiv bakgrunn den klossen der. Hvis man ser bort fra "...kjedeleg skikøyring på konturlaus hardskare.", så virket det å ha vært en knallfin tur!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.