Flora: Blåfjell (24.06.2019)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Solheimsvatnet (20m)
Endpoint Solheimsvatnet (20m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 08min
Distance 9.9km
Vertical meters 803m
GPS
Ascents Blåfjell (764m) 24.06.2019

Det er muleg å parkere der skogsveien startar, men ikkje god plass. Marka var nyslått no så våga meg til å parkere der. Eventuelt på vestsida av vegen, men der låg det no mykje rundballar som eg ikkje ville blokkere tilgangen til. Det er skilta turområde, Frishatten, Mårhusdalen. Trur ikkje det er meininga å kjøyre lenger oppover veien. Ved veis ende fulgte eg merking og sti mot Frishatten eit stykke før eg tok av. Møtte ei lokal dame på trimtur. Vi hadde felles bekjendte. Austover langs Skarholfjellet var det ein del parti med sti eller hjortetrakk så det gjekk bra unna. Så gjekk eg inn den tydelege markerte dalen eller botnen. Var ikkje noko tydeleg kvar eg skulle gå så runda rundt og ut på ryggen som visest på GPS-sporet. Det gjekk no, men ikkje anbefalt. Kom etterkvart inn i eit parti med rydda småskog, og så veldig tygelege merkingar. Skilt med Blåfjellsstien og. 2 boltar ein plass, så ei veldig smal hylle der det var veldig greitt å kome seg forbi. Men ikkje ramle utfor der! Kom så opp på kanten og fulgte ryggen til topps. Eit klyvepunkt i starten av ryggen ca 620 moh, som kanskje kunne vært unngått. På returen fulgte eg denne raudmerka stien ned til myrane på ca 370 moh. Bra merka med raude trebitar skrua fast i skogen. Tydelegvis ganske fersk merking, nokon tydeleg sti var ikkje etablert enno her. Totalt sett ein litt spennande tur i variert terreng.

Frå Blåfjell mot Florø. Haukåbøra oppe til høgre. Neste topp Ørnehaugen til venstre for det lange vatnet midt i bildet.
Frå Blåfjell mot Florø. Haukåbøra oppe til høgre. Neste topp Ørnehaugen til venstre for det lange vatnet midt i bildet.
Nok eit bilde nordover mot Plogen, Maritind og Saga
Nok eit bilde nordover mot Plogen, Maritind og Saga

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.