Ørsta pf100 komplett: Kalveskrednipa-traversen (23.06.2019)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Kalveskrednipa (1,488m) 23.06.2019
Kalveskrednipa Ø1 (1,482m) 23.06.2019
Kalveskrednipa Ø2 (1,436m) 23.06.2019
Visits of other PBEs Parkering Viddalssætra (420m) 23.06.2019

Har hatt lyst på eggtraversen over Kalveskrednipa (nipene?) i lang tid og når Frode meldte interesse og værmeldinga var lovande satte vi av Jonsokafta.

Vi starta på Viddalssetra og gjekk stort sett stifritt, men via ei og anna hjorterås opp til Litlehornsvatnet. På vegen dit hadde vi blitt dyktig våte av væte frå dei fleste kantar, men det var antydningar til sprekker i skydekket som YR hadde lova, så vi hadde fortsatt håp om blå himmel utover dagen. Litt "verre" var det at vi såg nysnø ned til 1200 meter, så spent på kor det stod til med friksjonen i klyvepassasjene. Det viste seg å løyse seg fint sjølv om det var til tider sleipt og bortsett frå eit kort parti over ein hammar på egga før høgste topp og ein rapell ned i skaret før siste toppen ovanfor Fivelstad, så var tau og sikringsmiddel mest i sekken.

Kalveskrednipa 1488m var siste topp på Ørsta pf100-lista for min del, så når Frode baud på cider frå Voss bryggeri på toppen, vart det ei ørlita feiring óg, sjølv om eg gjerne skulle hatt mange fleire kortreiste og uberørte toppar igjen ;)

(Som vanleg forsvann mange av bilda eg prøvde å laste opp.., så derfor er det berre bilder frå første og siste del av turen)

User comments

  • -
    avatar

    Stilig tur!

    Written by kobbenes 28.02.2021 07:51

    Kvar gikk løypa på denne turen? Ser ut som de gikk mot klokka? Gikk de nordvest-egga, eller via skaret mot blæja?

    • -
      avatar

      Sv: Stilig tur!

      Written by Freeflex 28.02.2021 10:04

      Hei! Vi gjekk rett frå vassenden i nord og innpå nordvestegga. Nordvestegga til høgste topp er jo mykje av turen om ein skal ta heile traversen. Om du berre skal på høgste topp, så er det vanlegaste å gå opp sørsida og inn i ei renne som når egga like aust for toppen.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Stilig tur!

        Written by kobbenes 28.02.2021 19:45
  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Freeflex 23.06.2019 23:44

    Takker! Det kan jo fort være i boks alt neste helg ;)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 23.06.2019 23:19

    Grattis :-) Satser på å ikke være altfor langt bak deg ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.