Bårdshøgdi og stølar i Erdal (23.06.2019)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Kvigno i Erdal (497m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 10min
Distance 18.4km
Vertical meters 1,418m
GPS
Ascents Bårdshøgdi (1,644m) 23.06.2019 17:54

Ærendet var å flytte ei postkasse for Lærdal turlag frå Håvardsete til Breisete. Nytta høvet til ein topptur, noko som vart ein god omveg. Men også ei fin oppleving og god trim. Gikk stien til Håvardsete. Den er ikkje merkt anna en nokon band på enkelte tre. Tydeleg og grei sti å følgje. Vidare frå Håvardsete er det innteikna sti opp og innover fjellet til Skorvebotn. Nokon stader vaskeleg å sjå stien, særleg i grov ur. Men ein veit jo retninga ein skal gå. Fint inne i Skorvebotn. Så var det bratt opp i venstre sida. Over 1500 meter var det skodde og 30 meter sikt. Greidde å navigere til topppunktet på Bårdshøgdi ved hjelp av GPS og app. Utan slike hjelpemidlar hadde det vorte umogeleg i dag. Vèret vart finare ut over dagen. Aldeles nydeleg ned til Breisethaugen på returen. Frodigt på Breisete, men sauer som kosa seg. Fekk opp postkassa på fjøsen. Nydeleg bortover i fjellet i retning nedatt. Men stien ned frå fjellet må merkast. Her var det så lite bruk, og så mykje hjortetrakk i alle retningar, at eg måtte fram med GPS fleire gonger for å finne att ruta ned. Ingen dramatikk, då ein for så vidt kan gå på retning ned ryggen. Men ruske å gå i urskog utanfor sti. Lett å ta for mykje mot venstre like før ein skal ned i skogen. Der er det trakk i alle retningar. Sidan det no kjem stølstrimpost på Breisete, må Lærdal turlag ta ein rydde- og merkedag her. Det blir formidla.

Erdal, sett frå like under Håvardsete.
Erdal, sett frå like under Håvardsete.
Ned til Håvardsete i venstre biletkant.
Ned til Håvardsete i venstre biletkant.
Breiset-haugen.
Breiset-haugen.
Ura under Store Grånosi 1586.
Ura under Store Grånosi 1586.
Velta markeringspunkt 25 meter frå toppen.
Velta markeringspunkt 25 meter frå toppen.
Toppen. Minivarden var rasa ned. Fekk stabla på plass att.
Toppen. Minivarden var rasa ned. Fekk stabla på plass att.
Skorvebotn, og ned mot Breisethaugen.
Skorvebotn, og ned mot Breisethaugen.
Storehaugen stikk opp mellom Vesla Grånosi og Bleia.
Storehaugen stikk opp mellom Vesla Grånosi og Bleia.
Breisethaugen med Bleia i bakgrunn.
Breisethaugen med Bleia i bakgrunn.
Høganos over Lærdal.
Høganos over Lærdal.
Mot fjorden.
Mot fjorden.
Tilbakeblikk i retning Breisete. Fjellet heiter Kaldeklettane.
Tilbakeblikk i retning Breisete. Fjellet heiter Kaldeklettane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.