Rolla på Rolløya (14.06.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Map
Ascents Rolla (926m) 14.06.2019 17:06
Rollvasshøgda (862m) 14.06.2019 17:43
Visits of other PBEs Ramnfløya gapahuk (300m) 14.06.2019 19:00
På toppen av Rolla
På toppen av Rolla

I løpet av turen på Kongsviktinden den 11.6 fekk Kristine veldig vondt i magen, og da dette var like ille dagen etterpå, vart det tur til legen. Det førte til at ho vart sendt til sjukehuset i Harstad, og der vart ho over natta. Etter undersøkelsar den 13.6 fekk ho komme heim. Da vart det ein liten tur i skogen i Evenskjer, og ho kjende seg heldigvis i betre form. Da planla vi tur.

Målet for denne turen var øyane Rolla og Andørja. Vi skulle byrje med toppen Rolla, og om helsa til Kristine ikkje var god, skulle vi dra heim.

Vi tok ferga frå Harstad til Sørrollnes klokka 13.00. Frå fergekaia køyrde vi opp til parkeringa ved leikeplassen, og gjekk i vegen mot Rolla. Sola strålte og varma godt, men det var ein sur trekk tidleg på turen. Vi følgde vegen og råket opp til Brustindvatnet. Der varma sola godt, og vi tok ein lang pause, og eg tok eit raskt og forfriskande isbad.

Vidare følgde vi råket opp til Rolla. Storslått utsikt på toppen. Ned at gjekk vi oppom Rollvasshøgda, men vi droppa Lasselitinden.

Ein flott tur, og heldigvis merka ikkje Kristine noko meir til magesmertane, og forma hennar var mykje betre enn den hadde vore på Kongsviktinden. Da vart vi einige om å fortsette turen på øyane. Vi køyrde inn til Foldneset, der vi parkerte og å middag i gapahuken der, før vi overnatta i bilen.

Utsikt tidleg på turen. Setertind på Hinnøya midt i bilde
Utsikt tidleg på turen. Setertind på Hinnøya midt i bilde
Utsikt tidleg på turen, mot Grytøya
Utsikt tidleg på turen, mot Grytøya
Varde ved Brustinden
Varde ved Brustinden
Badevatnet i det vesle Brustindvatnet
Badevatnet i det vesle Brustindvatnet
Det store Brustindvatnet. Novafjellet i Skånland i bakgrunn
Det store Brustindvatnet. Novafjellet i Skånland i bakgrunn
Kristine ved Brustindvatnet.
Kristine ved Brustindvatnet.
Fyste syn av toppen på Rolla
Fyste syn av toppen på Rolla
Drangen frå Rollvatnan
Drangen frå Rollvatnan
På fortoppen 874moh. Grovfjordfjell til venstre og Novafjellet til høgre
På fortoppen 874moh. Grovfjordfjell til venstre og Novafjellet til høgre
Rolla frå fortoppen på 874moh
Rolla frå fortoppen på 874moh
På Rolla, med Drangen til høgre
På Rolla, med Drangen til høgre
Utsikt frå Rolla; Grytøya
Utsikt frå Rolla; Grytøya
Utsikt frå Rolla; nordleg del av Hinnøya
Utsikt frå Rolla; nordleg del av Hinnøya
Utsikt frå Rolla; Hinnøya, Setertind heilt til venstre
Utsikt frå Rolla; Hinnøya, Setertind heilt til venstre
Utsikt frå Rolla; Hinnøya til høgre, Tjeldøya i midten og fastland til venstre
Utsikt frå Rolla; Hinnøya til høgre, Tjeldøya i midten og fastland til venstre
Utsikt frå Rolla; mot fastlandet, Pungdalstinden og Skittendalstinden til venstre
Utsikt frå Rolla; mot fastlandet, Pungdalstinden og Skittendalstinden til venstre
Utsikt frå Rolla; mot Skånlandsfjell; Novafjellet, Slettfjellet, Villdalsfjellet, Grindalstinden, Pungdalstinden og Skittendalstinden
Utsikt frå Rolla; mot Skånlandsfjell; Novafjellet, Slettfjellet, Villdalsfjellet, Grindalstinden, Pungdalstinden og Skittendalstinden
Utsikt frå Rolla; mot Grovfjordfjell
Utsikt frå Rolla; mot Grovfjordfjell
Utsikt frå Rolla; mot Sula, med Andørja bak
Utsikt frå Rolla; mot Sula, med Andørja bak
På veg mot Rollvasshøgda
På veg mot Rollvasshøgda
Mot Lasselitinden
Mot Lasselitinden
På Rollvasshøgda
På Rollvasshøgda
På Rollvasshøgda
På Rollvasshøgda
Rolla frå Rollvasshøgda
Rolla frå Rollvasshøgda
Lasselitinden frå Rollvasshøgda
Lasselitinden frå Rollvasshøgda
Drangen og Sula frå Rollvasshøgda
Drangen og Sula frå Rollvasshøgda
Ramnfløya gapahuk
Ramnfløya gapahuk
Grytøya frå Ramnfløya gapahuk
Grytøya frå Ramnfløya gapahuk
Sørrollnes frå Ramnfløya gapahuk
Sørrollnes frå Ramnfløya gapahuk
Turen opp til Rolla. Bilde av Kristine sitt GPS-spor. Ho skrudde av appen på toppen for å spare straum. Vi brukte nesten tre timar opp. Ned att gjekk vi ein litt anna rute enn opp; teikna på med brune strekar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.