Løksetinden og Høgtind (17.06.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Løksetinden nord (1,201m) 17.06.2019 10:03
Løksetinden (1,240m) 17.06.2019 13:19
Høgtinden (1,167m) 17.06.2019 18:46
Visits of other PBEs Løksa parkering Mjåsundveien (52m) 17.06.2019 10:03
Løksetinden stistart (65m) 17.06.2019 10:05

Høgast i Dyrøy kommune

Turen på Løksetinden. 5t 49min - 11,6km - 1307hm
Turen på Løksetinden. 5t 49min - 11,6km - 1307hm
Dei siste metrane mot Løksetinden
Dei siste metrane mot Løksetinden

Strålande vêr frå morgonen, men det var spådd dårlegare utover dagen. Vi var innom Matkroken på Ånstad på Andørja for å kjøpe brød til frukost og niste, før vi drog mot fastlandet og parkerte på ein liten parkeringslomme ved Løksa.

På parkeringslomma var vi eit ettertrakta bytte for kleggen, så vi prøvde å være raske med å komme i veg. Råket oppover var bra merka, men ganske vått. Vi fylte opp flaskene i Navarselva. Og oppover Aksla vart det færre innsektar.

Oppe på 900moh gjekk vi litt feil i forhold til råket, da vi hadde sett spor i snøen lenger oppe, men vi fann ut at det beste nok var å følgje råket. Frå 900moh gjekk vi i snø heilt opp til 1160moh. Vi gjekk i låge terrengsko, så vi vart veldig våte og litt kalde på føtene, heldigvis var det skikkeleg varmt i lufta og strålande sol. Det hadde gått nokon ein dag eller to føre oss, kjekt å ha spor å følgje.

Oppe på toppen var det godt og varmt, og nydeleg utsikt. Vi gjekk same veg ned.

Ekstra tur medan vêret framleis var fint

Turen på Høgtind. 2t 32min - 5,8km - 747hm
Turen på Høgtind. 2t 32min - 5,8km - 747hm
Nesten nede ved vegen att, attende mot Høgtind
Nesten nede ved vegen att, attende mot Høgtind

Nede at byrja det å bli meir overskya. Vêret for morgondagen var ikkje spådd bra i det heile tatt, så vi ville ta ein tur til. På vegen heim stoppa vi fyst og kjøpte softis i Sjøvegan. Da vi kom opp på E6 i Fossbakken var ikkje vêret så ille, og vi stoppa for å gå på Høgtind.

Vi parkerte på ein liten avkøyring frå E6. Derifrå følgde vi skildringa til Bjørn Forselv i boka “Topper i Ofoten og Sør-Troms”. Grei stigning oppover sida, og lite vegetasjon. Det var ganske tungt å gå i gang på nye høgdemeter, men det betra seg oppover. Litt bratt det siste stykke opp til toppryggen.

Oppe på toppryggen var det eit godt stykke til sjølve toppen. Vi hadde flott utsikt, spesielt mot Rivtind og Gratangen, men også mot Leigastind. Spanstind hadde ein del skodde rundt seg, og Sølvfjellet var stort sett borte i skodda.

Berre ein kort fotopause på toppen denne gongen, det var sur vind, så det freista ikkje å bli lengje.

Ned att var det mykje snø å ake på. Fin tur, og ein bra slutt på ein skikkeleg flott rundtur om Rolløya og Andørja og den vestre delen av Sør-Troms sitt fastland.

Bilder frå turen på Løksetinden

Løksetinden tidleg på turen
Løksetinden tidleg på turen
Pause på Aksla. Langlitinden på Andørja bak
Pause på Aksla. Langlitinden på Andørja bak
Utsikt frå Aksla mot Elveskardtindan og Reitetindan
Utsikt frå Aksla mot Elveskardtindan og Reitetindan
Fakstinden frå topp 1201moh.
Fakstinden frå topp 1201moh.
Løksetinden
Løksetinden
Løksetinden
Løksetinden
Utsikt frå Løksetinden; mot Vesttoppen og Fakstinden
Utsikt frå Løksetinden; mot Vesttoppen og Fakstinden
Utsikt frå Løksetinden; mot Fakstinden, Dyrøya og Senja
Utsikt frå Løksetinden; mot Fakstinden, Dyrøya og Senja
Utsikt frå Løksetinden; Nordaustover mot fjell i Dyrøy og Sørreisa
Utsikt frå Løksetinden; Nordaustover mot fjell i Dyrøy og Sørreisa
Utsikt frå Løksetinden; mot topp 1201moh.
Utsikt frå Løksetinden; mot topp 1201moh.
Utsikt frå Løksetinden; mot Salangen
Utsikt frå Løksetinden; mot Salangen
Utsikt frå Løksetinden; mot Salangen
Utsikt frå Løksetinden; mot Salangen
Utsikt frå Løksetinden; mot Elveskardtindan og Reitetindan
Utsikt frå Løksetinden; mot Elveskardtindan og Reitetindan
Utsikt frå Løksetinden; mot Andørja
Utsikt frå Løksetinden; mot Andørja
Ned snøen
Ned snøen
Ned snøen
Ned snøen

Bilder frå turen på Høgtind

Høgtind i gråvêr tidleg på turen
Høgtind i gråvêr tidleg på turen
Kristine på Høgtind
Kristine på Høgtind
Frå Høgtind mot Stortinden (Stuoračohkka) og Leigastinden
Frå Høgtind mot Stortinden (Stuoračohkka) og Leigastinden
Frå Høgtind mot Spanstinden
Frå Høgtind mot Spanstinden
Frå Høgtind mot Rivtinden
Frå Høgtind mot Rivtinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.