Blåfjellet (13.06.2019)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Rognskog
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Blåfjellet 766 m i Surnadal (766m) 13.06.2019
Blåfjellet nordøst (757m) 13.06.2019
Grønbrona (583m) 13.06.2019
Klumptjønnhaugen (687m) 13.06.2019

Rundtur opp om Blåfjellet over Settemsdalen, med start og slutt frå Rognskog P-plass. Skilta opp til Blåfjellet langs fin skogsveg (til venste ved første og einaste vegkryss) som etter nokre hundre høgdemeter går over til blåmerka sti. Passerar ei hytte på høgre side, og følgjer tråkket som slanger seg opp til Klumptjønnhaugen, kor det står ein orienteringspost. Herifrå vidare opp over det store flate platået frå Blåfjellet nordøst til Blåfjellets hovudtopp. Fabelaktig panoramautsikt med mektige fjellrekkjer i sør og fjord, hav og stabbar i nord. Sola skinande bak eit tynt skylag skapte ei herleg ramme for kveldskaffen. Nedtur vidare på sti på vestsida, innom nok ei hytte og nordover om Grønbrona ved Bekkervatnet. Herifrå knota følgjet litt med å finne tråkk og blåmerking. Fann etter kvart riktig veg, men nedturen gjekk etter svakare sti og meir sporadisk blåmerking enn på turen opp. Etter kvart endte vi på ny opp på skogsveg som førte ned til bilane. Alt i alt ein fin rundtur i strålande somarver.

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.