Kongsviktinden (11.06.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 6h 54min
Distance 13.3km
Vertical meters 1,236m
GPS
Ascents Kongsviktinden (980m) 11.06.2019 15:14
Skitneskardtinden (919m) 11.06.2019 17:08
Kongsviktinden frå 100 høgdemeter nedunder toppen
Kongsviktinden frå 100 høgdemeter nedunder toppen
Kristine på veg oppover mot Kongsviktinden. Fiskefjordtindan, Snøtinden og Reinsfjellet i bakgrunnen
Kristine på veg oppover mot Kongsviktinden. Fiskefjordtindan, Snøtinden og Reinsfjellet i bakgrunnen

Tur i strålande sol, men tidvis ein del vind. Vi følgde ruta som er skildra i boka “Topper i Ofoten og Sør-Troms” av Bjørn Forselv opp til Kongsviktinden og ned frå Skitneskardtinden. Mellom toppane følgde vi ryggen, som var veldig fin å gå.

Dei siste metrane opp til Kongsviktinden bøy på litt klyving. Ned frå Kongsviktinden kunne vi skli på snø dei fyste 180 høgdemetrane. Ned frå Skitneskardtinden fekk vi også ein del snø vi kunne skli på.

Kongsviktinden er ein godt synleg og flott topp når ein køyrar mot Lofoten frå Tjeldsundbrua, men den aller flottaste sida viste han nok når vi gjekk på ryggen mot Skitneskardtinden.

Kristine var ikkje heilt i form på denne turen, og ho trengde ein del ekstra pausar, men var tøff som fullførte ein såpass lang tur. Alt i alt vart det ein skikkeleg flott tur.

På veg mot Skitneskardtinden
På veg mot Skitneskardtinden
På Skitneskardtinden, med Sætertind bak
På Skitneskardtinden, med Sætertind bak
Utsikt på veg oppover mot Kongsviktinden, på om lag 400moh
Utsikt frå Kongsviktinden
Bilder av Kongsviktinden frå ryggen mellom toppane
Utsikt frå Skitneskardtinden
Kongsviktinden på veg ned frå Skitneskardtinden
Kongsviktinden på veg ned frå Skitneskardtinden
Attende mot Skitneskardtinden
Attende mot Skitneskardtinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.