Det blåste godt på morgonkvisten på Sålell. Vi hadde ikkje så mange alternativ igjen, så dagens tur vart ein litt forsiktig ein før heimreise. Gjekk først mot Såleggje. 2 harar vart observert i dag og. Vidare vestover Raudskyuhøe på ein veldig fin rygg. Tok med oss det som var av lav-pf-toppar sidan Kjetil er motivert for å samle bestigningar. Det vart ein svært lettgått tur. Vinden stilna av etter Såleggje. Fin utsikt frå Storhøi mot Lom. På returen passerte vi 1314-vatnet og kom etterkvart inn i litt kjerr. Det var delvis sti her, men ikkje heilt enkel å følgje. Totalt sett var vi veldig fornøgde med denne turen.
User comments