Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning.
Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen lenger aust og sør-søraust for 963-toppen. Det er derfor ikkje godt å vite kva som er rett namn eller rett dal her.
Relativt lite snø igjen etter ein uvanlig snøfattig og mild vinter, men skikkelig nattefrost denne veka så snøfennene var faste å gå på. Kom ned til Stora Myrvatnet ved solnedgang, og då var det bare ein enkel sykkeltur tilbake over dei islagte vatna og ned anleggsvegen til Maudal. Ein flott og opplevelsesrik turdag sidan det ikkje er kvardagskost å kunna koma seg inn i heia/ fjellheimen på denne måten.
Benutzerkommentare