Tur til Vesterålen: Kvanntotinden med mer i Bø (06.06.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Lassan (523m) | 06.06.2019 13:42 |
---|---|---|
Hesthausen (487m) | 06.06.2019 14:13 | |
Rismålstinden (453m) | 06.06.2019 15:20 | |
Staven (469m) | 06.06.2019 16:33 | |
Kvanntotinden (607m) | 06.06.2019 17:59 | |
Spikartinden (605m) | 06.06.2019 18:31 |
Vi køyrde til Sletten ved Møkland i Bø. Der parkerte vi på parkeringsplassen og gjekk i vegen på råket mot Hesthausen. Råket var vanskeleg å følgje, og vi mista det fleire gonger. Ved 200moh mista vi det enda ein gong, og såg ikkje kor det gjekk vidare oppover sida. Så vi fann ut at vi like gjerne kunne gå rett opp på Lassan. Det gjekk stort sett greitt, men vi kom inn i eit ganske bratt og litt glatt grasparti på rundt 300-400moh. På veg oppover var det flott utsikt mot Trollet.
Følgde råk på ryggen ned frå Lassan og gjekk opp på Hesthausen. Derifrå forsøkte vi å følgje råket vidare, men det var vanskeleg. På 340moh kom vi plutseleg til eit stup, sjølv om vi var akkurat der råket var ifølgje appen. Vi fann ein veg ned mot venstre.
Opp til Rismålstinden var det fint å gå. Oppe på toppen såg vi ut ein veg vi ville gå ut til Staven. Den fungerte bra, og ettersom det såg for vanskeleg ut å gå rett opp på Reinstiklan, gjekk vi same veg tilbake. Vidare opp til Kvanntotinden, før Spikartinden vart siste topp.
Attende til bilen gjorde vi eit forsøk på å følgje råket som var teikna inn ned Melkardalen og attende att med fjorden. Råket var vanskeleg å finne. Det gjorde ikkje noko ned til om lag 200moh, dit følgde vi stort sett snørenner. Derifrå vart det meir keisamt terreng. Vi hadde råk her og der, men det var ikkje spesielt bra. Så det vart ein litt kjedeleg avslutning på ein elles veldig flott tur.
User comments