Sneistinden (03.06.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 5h 25min
Distance 9.0km
Vertical meters 927m
GPS
Ascents Sneistinden (722m) 03.06.2019 17:02
Slettfjellet (296m) 03.06.2019 18:56
Kvalosfjellet (263m) 03.06.2019 19:22
Visits of other PBEs Sneisa parkering (12m) 03.06.2019 14:29
På veg innover, like ved hovudvegen
På veg innover, like ved hovudvegen
Sneistinden
Sneistinden
Utsikt tidleg på turen. Frå venstre: Ryfjella, Bukketinden, Nordøstre Bukketinden, Bukketinden øst bak Langosfjellet og til høgre er Årnipen
Utsikt tidleg på turen. Frå venstre: Ryfjella, Bukketinden, Nordøstre Bukketinden, Bukketinden øst bak Langosfjellet og til høgre er Årnipen

Sneistind vart turmålet denne dagen. Vi drog frå Evenskjer i strålande sol, og sola skulle skinne heile dagen. Etter å ha lest turskildring i turboka “Fra Møysalen til Elgens fot” (om Harstad, Evenes, Ibestad, Kvæfjord, Lødingen, Tjeldsund og Skånland), parkerte vi i Sneisa og gjekk oppover langs Svartvatnet, Kvaloselva og Slettfjellvatnan. Vi hadde også snakket om å gå vi Hesttinden, men ettersom vi har vore der før droppa vi det for å spare høgdemetrane. Det var ikkje råk på denne turen, men greitt terreng å gå til vi hadde passert Kvalosfjellet. Vidare innover derifrå var det mykje kratt og tett bjørkeskog, så det vart litt kronglete. Flanken opp til ryggen var grei å gå på steinrøys.

Om ryggen opp til toppen stod det i “Fra Møysalen til Elgens fot” at ein måtte ha god klatreerfaring for å følgje sørryggen. Ruta i boka runda toppen på vestsida, før ein gjekk opp på toppen i frå nord. Vi hadde eigentleg tenkt til å følgje denne ruta, men vi følgde ryggen litt for lengje før vi tok av, så det var ein del sva der vi skulle runde mot vest. Ryggen vidare oppover såg eigentleg ikkje så ille ut til å byrje med, så vi gjorde eit forsøk. Det gjekk bra. Det var ein del klyving, men ikkje spesielt luftig eller utsatt, og det var gode tak. Klyvinga var på om lag 40 høgdemeter, frå 580moh til 620 moh. Derifrå var det greitt å gå. Vi fann også teikn til råk frå 630moh og opp til toppen.

Flott utsikt på toppen i strålande vêr, Kristine prøvde på litt akrobatikk, og vi satt lengje å kosa oss der. Vi gjekk same rute ned ryggen, og følgde røysa ned til vatna på litt over 240moh. Kronglete og vondt derifrå til Slettfjellet, og eit stykkje vidare.

Ein veldig flott tur. Men eg vi anbefale andre som tenkjer seg å gå på Sneistinden å gå om Hesttinden. Der får ein råk opp til Hesttinden, og ryggen mellom Hesttinden og Sneistinden såg fin ut.

Sneistinden
Sneistinden
Sneistinden. Strandtinden til venstre
Sneistinden. Strandtinden til venstre
Sneistinden.
Sneistinden.
Sneistinden.
Sneistinden.
Sneistinden.
Sneistinden.
Mot Lappen, Nattmålstinden og Kvasstinden (tatt frå ryggen til Sneistinden)
Mot Lappen, Nattmålstinden og Kvasstinden (tatt frå ryggen til Sneistinden)
Mot Bukketinder frå Sneistinden
Mot Bukketinder frå Sneistinden
Mot Lappen, Nattmålstinden, Kvasstinden og Bukketinden vest frå Sneistinden
Mot Lappen, Nattmålstinden, Kvasstinden og Bukketinden vest frå Sneistinden
Mot Lappen frå Sneistinden
Mot Lappen frå Sneistinden
Ryggen vi gjekk på Sneistinden
Ryggen vi gjekk på Sneistinden
På Slettfjellet
På Slettfjellet
Utsikt på Slettfjellet
Utsikt på Slettfjellet
På Kvalosfjellet
På Kvalosfjellet
Bukketinder frå Kvalosfjellet
Bukketinder frå Kvalosfjellet
Utsikt frå Kvalosfjellet
Utsikt frå Kvalosfjellet
Sneisa frå Kvalosfjellet
Sneisa frå Kvalosfjellet
Hesttinden frå Kvalosfjellet
Hesttinden frå Kvalosfjellet
Sneistinden frå Kvalosfjellet
Sneistinden frå Kvalosfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.