Tovikfjellet (01.06.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 2h 28min
Distance 7.4km
Vertical meters 679m
GPS
Ascents Tovikfjellet (836m) 01.06.2019 14:47

Overskya vêr og litt regn heime, og ikkje spådd noko betre utover dagen. Vi tok likevel ein tur, og valet fall på Tovikfjellet. Vi hadde lest ruteskildring i ei turbok og prøvde å følgje den, men råket det sto om i boka dukka ikkje opp. Da vart det å gå i terrenget oppover, heldigvis var det fint terreng å gå i. Slak og fin stigning opp til 600moh, brattare dei neste 100 høgdemetrane, før det vart langt og slakt opp til toppen. Skodde, så ingen utsikt i dag, diverre.

Ned at var det mykje snø å skli på, spesielt morosamt for Kristine, som hadde regnbukse som glei godt på snøen.

Ved skoggrensa fann vi råket vi skulle gått oppover. I følgje boka skulle vi følgje skogsvegen litt sørover, men råket gjekk rett opp der skogsvegen svinga på kartet.

Ein fin, liten tur, sjølv om vêret ikkje var det beste.

På veg oppover til Tovikfjellet
På veg oppover til Tovikfjellet
Fleire varder på om lag 800moh
Fleire varder på om lag 800moh
På toppen
På toppen
Attende mot toppen
Attende mot toppen
Utsikt mot Grytøya
Utsikt mot Grytøya

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.