Tingstovnosi (26.05.2019)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Kollsæte (Råsdalen) (377m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 52min
Distance 12.3km
Vertical meters 1,142m
GPS
Ascents Tingstovnosi (1,473m) 26.05.2019 16:03

Søndag og mål om Lærdalstopp. Litt spent på snøforhold så tidleg i sommarsesongen. Men ruta mi låg sørvendt, og det har vore lite snø i fjella i år. Ruta eg velde meg går på sti frå demninga til Nivla kraftverk. Staden er nemnd Kollsæte. Ruta er ikkje merkt, og eg gikk den sist for 37 år sidan. Eg hadde sett på stipla sti som ligg på Norgeskart. Den var heilt feil og eg baska meg opp med klyving i ur og ulenda fyrste 20 min, før eg gikk meg på stien. Så når du forlet vegen skal du ta til høgre etter 5 meter, og gå mot nokre store steinar i retning oppover dalen. Då finn du sti frå start. Det er ein bratt men grei sti mot jakthytta Sjåheim. Utfordringa på turen er å passere elvane, særleg Ia. Her var det laga til ei klopp av trestokkar og mose oppå. Det var ganske spennande og ein måtte trø i elva etter kloppa, då den ikkje rakk over heile elva, som var ganske stor når eg gikk opp. Litt spenning, men med konsentrasjon vurderte eg det trygt.

Frå Sjåheim heldt eg rett opp frå hytta til eg snart fann fin sti innover mot Visetstølen. Så valde eg å gå mest mogeleg på rygg oppover. Fann ei fin rute opp til toppen Tingstovnosi. Ganske flat topp, men formidabel utsikt i alle retningar. La på ein ekstra stein, slik at det no er ein minivarde på toppen. Nedatt valde eg av nysgjerrigheit ei litt rettare linje. Altid kjekt med variasjon. Veldig fin tur, og alltid fint å gå på mose og i variert høgfjellsterreng i Lærdalsfjella.

Sjåheim
Sjåheim
Okken - Lærdal sin Gaustadtopp
Okken - Lærdal sin Gaustadtopp
Nysnø på Okken i dag 260519
Nysnø på Okken i dag 260519
Suletinden. Bringe i midten, og anleggsvegen inn mot Vasetvatnet.
Suletinden. Bringe i midten, og anleggsvegen inn mot Vasetvatnet.
Tingstovnosi (toppunktet).
Tingstovnosi (toppunktet).
Råsdalen og Vindhella-dalen til høgre. Toppen er Håstarren.
Råsdalen og Vindhella-dalen til høgre. Toppen er Håstarren.
Lærdal med sidedalar. Tynjaåsen markert. Bleia er høgast med snø.
Lærdal med sidedalar. Tynjaåsen markert. Bleia er høgast med snø.
Toppen.
Toppen.
Lærdal med jordbruksland på Ljøsne og Tønjum.
Lærdal med jordbruksland på Ljøsne og Tønjum.
Ljøsndalen. Toppane er Hurrungane.
Ljøsndalen. Toppane er Hurrungane.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by PeakFloyd 26.05.2019 18:42

    Saftig start her Einar? Fulgte du stien. eller er stien som vises på kartet her, helt feil? Som til Horgestølen.

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Esone 26.05.2019 19:33

      Sjå turbeskrivelsen som no er lagt inn. Lagt tekst på bilder og. Stipla sti på kartet ved start er heilt feil JA. Ruta mi få start og opp er delvis klyving i kratt og ur. Ruta ned att er sti :) Egentleg fin sti frå start til Visetstølen :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.