Frå Olavsbu til Gjendebu via Gjendetunga (15.08.1992)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Gjendetunga (1516moh) | 15.08.1992 |
---|
Sommartur i Jotunheimen 1992, dag 7 og 8
Me vakna på Olavsbu til ny finversdag etter dei to grå ved Spiterstulen og Leirvassbu. Det var kjekt på alle måtar, men ikkje minst fordi det var siste skikkelege turdagen. Ruta vår gjekk gjennom Rauddalen med Gjendebu som mål, men me valde det mykje meir spanande alternativet over Gjendetunga framfor normalvegen ned Vesleådalen. Eg hadde jo vore på den fine utsiktstoppen med mor for tre år sidan og no vart det hjarteleg gjensyn.
På Gjendebu vart det ny innenatt på sovesal før retur med Gjendebåten til folkevogna som venta på oss på Gjendesheim. Så på Haugastøl sa Geir og eg takk for turen til Vegard før den lange køyreturen heim til Strandalandet.
Kommentarer