Lofottur dag 10: Himmeltinden, Veggen og Haveren (23.05.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Fehammaren (826m) 23.05.2019 13:15
Himmeltindan sør (928m) 23.05.2019 13:35
Himmeltindan (962m) 23.05.2019 13:48
Nonshammaren (489m) 23.05.2019 17:58
Haveren (808m) 23.05.2019 22:51
Visits of other PBEs Hauklandstranda P-plass (5m) 23.05.2019 11:25
Uttakleiv P-plass 23.05.2019 17:09
Bø parkeringslomme (15m) 23.05.2019 20:59

Siste dag på Lofotferien. Det vart tre turer denne dagen.

Himmeltinden

Turen på Himmeltinden. 9,7 km - 4 t 49 min - 1055 hm
Turen på Himmeltinden. 9,7 km - 4 t 49 min - 1055 hm
På Himmeltinden sør
På Himmeltinden sør

Fyste tur for dagen vart Himmeltinden, høgaste topp på Vestvågøya.

Vi parkerte på Hauklandsstranda, og gjekk i vegen oppover. Det var fleire som gjekk samstundes med oss, men alle dei andre gjekk til Mannen. Råket oppover Durmålsdalen var veldig fint. Det hadde vore spådd ein del vind denne dagen, men vi merka lite til det oppover.

Dagens fyste rast vart på om lag 600moh. Der møtte vi ei dame som var på veg nedover. Ho var den einaste vi møtte oppover mot Himmeltinden. Vêret var strålande, og utsikta heilt fantastisk, noko som skulle vare heile turen. Vi gjekk over fortoppane Fehammeran og Himmeltinden sør på veg til toppen.

Sjølve toppen på Himmeltinden var litt kjedeleg, med NATO-installasjon og ein del søppel derifrå. Men fortoppen Himmeltinden sør var vekeleg flott, så der satt vi i om lag ein time og slappa av og nøyt utsikta.

Ned at kunne vi nytte oss av fleire snørenner. Båe morosamt og effektivt. Ein flott tur på ein flott topp.

Veggen

Turen på Veggen. 3,1 km - 2 t 49 min - 502 hm
Turen på Veggen. 3,1 km - 2 t 49 min - 502 hm
Oppover mot Veggen
Oppover mot Veggen

Etter turen på Himmeltinden åt vi spekemat til middag på en benk på Hauklandsstranda. Flott å sitte ute i sola og ete, men litt vind.

Etter middagen køyrde vi ut til Utakleiv for å gå på Veggen, eller Nonshammaren som han også heitar.

Råket oppover var bra, ikkje veldig bratt opp til Vasskarvatnet, men brattare derifrå. Råket var veldig bra heile vegen opp til toppen. Hadde lest og høyrt litt om Veggen før, at det skulle være frykteleg bratt oppover. Bratt var det, men ikkje noko utover det vanlege på ein fjelltur eigentleg.

Flott var det derimot. På toppen var det vindstille og sola varma godt, så vi vart sittande der i godt over timen. Utsikta var heilt enorm også her. Særleg opp på Himmeltinden, men også søraustover Vestvågøya, og sørover til Flakstadøya.

Også på denne turen møtte vi folk. To damer kom gåande ned medan vi gjekk opp, og på veg ned at møtte vi ein til som hadde tenkt seg opp på Veggen. Han med seg ein så stor sekk at det såg ut til at han skulle overnatte på toppen.

Haveren

Turen på Haveren. 8,2 km - 3 t 25 min - 969 hm
Turen på Haveren. 8,2 km - 3 t 25 min - 969 hm
Ryggen mot Haveren
Ryggen mot Haveren

Vi snakka litt om enten å overnatte, eller å ta ein tur til og så dra heim. Ettersom vêrmeldinga for dagen etter var dårleg, vart det ein kveldstur.

Valet fall på Haveren langt nord på Vestvågøya. Vi køyrde til Bø og parkerte i vegkanten. Vi følgde det middels synlege råket over beitet til Bøvatnet, før vi gjekk oppover Trolldalen. Råket vart ein del betre oppover Trolldalen enn det hadde vore over beitet.

Oppe på Sletthaveren flata det ut noko, før det gjekk ein jamn stigning oppover mot fortoppen. Oppe på fortoppen (som eigentleg ikkje er nokon topp) vart det fint utsyn til sjølve toppen. Ryggen mellom fortoppen og toppen var morosam og flott, og av og til litt luftig. Så den vart eit høgdepunkt på turen.

Flott utsikt frå toppen, og flott ljos frå den låge sola.

Ned at val vi å ikkje følgje råket i den øvre delen av Trolldalen, men tok rett ned nokon snørenner for å spare tid og krefter. Det funka bra. Den tredje turen for dagen vart ein skikkeleg fin tur, men med slitne og trøtte bein, var det godt å komme attende til bilen.

Bilturen heim vart lang og keisam, og vi har ikkje heime før kvart over tre på natta. Men Lofotferien har vært heilt fantastisk. Ti fine dagar, med mykje bra vêr, og mange flotte fotturar.

Bilder frå turen på Himmeltinden

Mannen og Veggen tidleg på turen
Mannen og Veggen tidleg på turen
Offersøykammen, Skottinden og Flakstadøya tidleg på turen
Offersøykammen, Skottinden og Flakstadøya tidleg på turen
Rasteplass på om lag 600moh
Rasteplass på om lag 600moh
Himmeltinden frå Fehammaren
Himmeltinden frå Fehammaren
På Fehammaren
På Fehammaren
Utsikt frå Himmeltinden. Mannen, Veggen og Flakstadøya
Utsikt frå Himmeltinden. Mannen, Veggen og Flakstadøya
Utsikt frå Himmeltinden. Sørtoppen, Offersøykammen og Skottinden
Utsikt frå Himmeltinden. Sørtoppen, Offersøykammen og Skottinden
Flott utsikt!
Flott utsikt!
Okstinden frå vegen
Okstinden frå vegen

Bilder frå turen på Veggen

Siste biten til toppen
Siste biten til toppen
På Veggen. Skolmen bak
På Veggen. Skolmen bak
Himmeltinden frå Veggen
Himmeltinden frå Veggen
Flakstadøya frå Veggen. Frå venstre: Stornappstinden, Storsandnestinden, Bjørntinden, Møntinden og Hornet
Flakstadøya frå Veggen. Frå venstre: Stornappstinden, Storsandnestinden, Bjørntinden, Møntinden og Hornet
Utsikt frå Veggen. Verberget nærmest, Offersøykammen i midten ogSkottinden bak
Utsikt frå Veggen. Verberget nærmest, Offersøykammen i midten ogSkottinden bak
Utsikt frå Veggen. Hauklandsstranda og Holandsmelen
Utsikt frå Veggen. Hauklandsstranda og Holandsmelen
Utsikt frå Veggen. Hauklandsstranda og kringliggjande fjell
Utsikt frå Veggen. Hauklandsstranda og kringliggjande fjell
ut mot havet
ut mot havet

Bilder frå turen på Haveren

Innover beitet mot Bøvatnet. Bøheia midt i bilde
Innover beitet mot Bøvatnet. Bøheia midt i bilde
Oppe på Sletthaveren
Oppe på Sletthaveren
Toppryggen
Toppryggen
Kristine på toppen
Kristine på toppen
Utsikt mot Austvågøya, høgste topp på bilde er Vågakallen
Utsikt mot Austvågøya, høgste topp på bilde er Vågakallen
Attende mot toppen
Attende mot toppen
Solnedgang
Solnedgang
Opp mot Middagstinden
Opp mot Middagstinden
Bøvatnet og Bøheia
Bøvatnet og Bøheia

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.