Luster: Steindalsnosi (16.05.2019)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Gjuvvatnet (1,280m)
Endpoint Gjuvvatnet (1,280m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 00min
Distance 8.0km
Vertical meters 750m
Map
Ascents Store Steindalsnosi (2,025m) 16.05.2019
Nydeleg kveldsstund på Steindalsnosi
Nydeleg kveldsstund på Steindalsnosi
Mot Fanaråken
Mot Fanaråken

Vi parkerte åleine på den vesle lommen der den vanlege ruta til Steindalsnosi startar. Ingen andre å sjå, men mykje skispor gjorde det lett å finne fram. Fella opp argaste plankane vi hadde + Scarpa T4 telemarksko. Sidan vi kjøpte fjellski for 6-7 år sidan har desse skia blitt mindre og mindre brukt, men til slike turar er det heilt topp. Snøen var blaut oppover til vi kom over siste kanten, sjølv så sent på kveld. På toppen i 9-tida og hadde den åleine i nydeleg kveldslys. Herleg nedrenn og glei heilt ned til bilen utan å gå eit steg. Torleiv var meget fornøgd med denne kveldsturen. Planen om å finne anna parkering for natta vart lagt på is, og ølboksane vart lagt i snøen. Knørva ein pakke potetgull og kosa oss i fin temeratur før vi kraup inn i bilen og tok natt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.