Lofottur dag 4: Hornsheia, Moberget, Å og Røstlandet (17.05.2019)

Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Turlengde 0t 40min
Distanse 2,7km
Høydemeter 90m
GPS
Bestigninger Hornsheia (153moh) 17.05.2019 10:43
Moberget (121moh) 17.05.2019 12:32
Litlandstabben (65moh) 17.05.2019 14:32
Feskarhjembakken (9moh) 17.05.2019 21:50
Andre besøkte PBE'er Vegende E10 i Å (15moh) 17.05.2019 14:22
Kvalvågsletta gapahuk (4moh) 17.05.2019 21:19
Gammelkirka på Røstlandet (4moh) 17.05.2019 21:29
Turen på Moberget. 1,7 km - 133 hm - 42 min
Turen på Moberget. 1,7 km - 133 hm - 42 min
Litlandstabben i Å. 0,5 km - 58 hm - 14 min
Litlandstabben i Å. 0,5 km - 58 hm - 14 min

17.mai, og Røst var hovudmålet for dagen. Vêret var framleis dårleg. Skodda låg lavt over Lofoten, og høge toppar freista ikkje. Fyste tur gjekk på Hornsheia i Gravdal. Det var ein kort tur med godt råk. Men vêret var begredeleg og ingen utsikt. Etter Hornsheia køyrde vi vidare utover Lofoten og håpa på at vêret skulle betre seg.

Andre tur vart Moberget på Moskenesøy i Flakstad kommune. Vêret var framleis ikkje noko å skryte av, men det var ein fin, liten topp.

Vi køyrde så vidare i Å, der vi gjekk ein bitte liten tur, før vi drog til Moskenes. Vi parkerte på fergekaia, og lagde oss middag, før vi gjekk på ferga til Røst. Forbi Værøy var det pent vêr, men da vi kom fram til Røst var det skodde og vind.

Etter å ha traska innover Røstlandet med tunge sekker, fann vi ein teltplass på baksida av fotballbana. Etter å ha satt opp teltet, gjekk vi ein runde på Røstlandet. Vi vitja gapahuken, kyrkjeruinane og høgste punkt.

Hornsheia

Kristine på Hornsheia
Kristine på Hornsheia
Leknes
Leknes

Moberget

Oppover mot Moberget
Oppover mot Moberget
På Moberget
På Moberget
Selfjorden og Sundstraumen frå Moberget
Selfjorden og Sundstraumen frå Moberget
Den ytterste bustaden i Krystad frå nedunder Moberget
Den ytterste bustaden i Krystad frå nedunder Moberget

Å i Lofoten

Kristine på enden av E10 i Å. Litlandstabben bak
Kristine på enden av E10 i Å. Litlandstabben bak
Fiskehjeller i Å
Fiskehjeller i Å
Fiskehjeller i Å
Fiskehjeller i Å
På Litlandstabben
På Litlandstabben
Utsikt over Å frå Litlandstabben
Utsikt over Å frå Litlandstabben

Røstlandet

Kirkegården på Røst
Kirkegården på Røst
Kvalvågsletta gapahuk
Kvalvågsletta gapahuk
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
Gammelkirka på Røstlandet
På høgaste punkt på Røstlandet
På høgaste punkt på Røstlandet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.