Vangsen, siste topptur i år (12.05.2019)  4

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 30min
Distance 9.7km
Vertical meters 938m
GPS
Ascents Vangsen (1,757m) 12.05.2019 13:52

Siste toppturen i år gjekk til Vangsen. Tross alt greitt å setje eit endeleg punktum for sesongen med ein skikkeleg tur.

Godaste Asle måtte lufte veslemann før avreise.

Vi kom oss ikkje heilt opp til dammen pga. snø i vegbana, så då vart det ein liten transportetappe opp til flata. Derfra gjekk vi over (snø)brua lenger framme og i traversar oppover fjellsida. Tempoet gjekk greitt på hard snø, noko vi særleg fekk kjenne på vegen ned igjen. Ein får fan ikkje i pose og sekk nei.

Toppen i sikte!

Det bles ganske friskt her oppe, så etter noko om og men bestemde vi oss for å gå på baksida av fjellet og ikkje oppover ryggen/eggen. Det gjorde vi lurt i for her var det praktisk talt vindstille.

Oss nydelege karar.

Køyringa tilbake til bilen kan vi ta i ein anna turrapport. Lat oss slå oss til ro med at poenget med dagen var turen i seg sjølv, ikkje nedkøyringa. Det er i alle fall standard-unnskuldninga når svingteknikken vert like råten som snøen..

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.