Fugletinden og to småtoppar (06.05.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 19min
Distance 13.1km
Vertical meters 885m
GPS
Ascents Fugltinden (1,033m) 06.05.2019 14:22
Nordkollen (214m) 06.05.2019 20:34
Ørnfløya (153m) 06.05.2019 21:26
Ørnflygnakken (154m) 06.05.2019 21:28
Visits of other PBEs Luneng parkering (150m) 06.05.2019 11:12
Hillesøya p-plass (7m) 06.05.2019 20:17
Ørnfløya parkeringslomme (20m) 06.05.2019 21:12

Fugltinden og to småtoppar

Kristine på Fugltind, Balsfjorden bak
Kristine på Fugltind, Balsfjorden bak

Vi byrja dagen med ein god frukost og utpakking frå Malangen Apartment, før vi drog til Luneng og gjekk ein flott skitur på Fugltinden. Etter den turen drog vi på sightseeing til Middagsbukta i Balsfjorden, kor bestemora til Kristine er i frå. Vidare drog vi på besøk til grandtanta til Kristine i Soleng vest for Bentsjorda. Etter å ha vore på besøk der drog vi ut til Sommarøy utanfor Kvaløya. Der gjekk vi to små turar, fyst på Nordkollen på Hillesøy, så på Ørnflygnakken på Kvaløya. Til slutt drog vi til overnattingsstaden vår i Tromsdalen. Vi kom fram ganske seint og det vart sein middag.

Fugltinden

Fugltinden tidleg på turen
Fugltinden tidleg på turen

Vi parkerte på ein liten parkeringsplass ved hovudvegen like ved Luneng. Vi hadde håpa at vi kunne køyre inn vegen som er teikna inn på kartet, men han var ikkje brøytt. Oppover var det fint å gå, og vi kunne følgje gamle spor. Etter at vi hadde passert Langvatnet sleit vi tidvis mykje med at det klabba under fellane. Vi tok ein matpause på om lag 620moh, der stoppa spora vi hadde følgd, men det kom nye spor opp mot toppen, truleg frå austsida der det også går eit råk. Vidare var det tungt dei siste 400 høgdemetrane, men ein heilt fantastisk utsikt frå toppen. Nedkøyringa var stort sett veldig bra. Ein flott tur.

Rast på 620moh
Rast på 620moh
Utsikt frå rasteplassen
Utsikt frå rasteplassen
Utsikt frå rasteplassen
Utsikt frå rasteplassen
På toppen
På toppen
Fantastisk på toppen! Piggtind bak venstre skistav
Fantastisk på toppen! Piggtind bak venstre skistav
Toppvarden
Toppvarden
Toppen
Toppen
Balsfjorden
Balsfjorden
Balsfjorden, med Svartnestinden og Sultindan
Balsfjorden, med Svartnestinden og Sultindan
Balsfjorden, med Blåtinden og Gjømmertinden
Balsfjorden, med Blåtinden og Gjømmertinden
Balsfjorden mot Lille Russetind-massivet
Balsfjorden mot Lille Russetind-massivet
Mot Malangen
Mot Malangen
Fantastisk nedkøyring. Kristine midt i bilde, spora mine til høgre
Fantastisk nedkøyring. Kristine midt i bilde, spora mine til høgre
Toppen frå Langvatnet
Toppen frå Langvatnet

Nordkollen og Ørnflygnakken

Kristine på Ørnflygnakken, mot Nordkollen på Hillesøy
Kristine på Ørnflygnakken, mot Nordkollen på Hillesøy
Turen på Nordkollen. 37min - 1,6km - 200hm
Turen på Nordkollen. 37min - 1,6km - 200hm
Turen på Ørnflygnakken. 30min - 1,9km - 123hm
Turen på Ørnflygnakken. 30min - 1,9km - 123hm

På Nordkollen parkerte vi på ein parkeringsplass i byrjinga av Nordvegen, og følgde litt vegen som går inn i fjellet og ut på toppen. Ikkje lenge vi følgde den vegen før eit råk tok av og gjekk opp til toppen. Fint råk heile vegen opp. Fantastisk flott utsikt og sol på toppen.

På Ørnflygnakken parkerte vi på ein liten parkeringslomme på austsida av vegen 100 meter sør for krysset. Der tok det av eit godt råk oppover. Flott sol og utsikt her og.

Mot Svensgård på Hillesøya og Kvaløya tidleg på turen opp til Nordkollen
Mot Svensgård på Hillesøya og Kvaløya tidleg på turen opp til Nordkollen
Mot Sommarøya og Kvaløya
Mot Sommarøya og Kvaløya
Installasjonene på Nordkollen
Installasjonene på Nordkollen
Kristine ved toppvarden på Nordkollen
Kristine ved toppvarden på Nordkollen
Sommarøy og Kvaløya frå Nordkollen
Sommarøy og Kvaløya frå Nordkollen
Edøya og Senja frå Nordkollen
Edøya og Senja frå Nordkollen
Solnedgang på Nordkollen
Solnedgang på Nordkollen
Senja frå Nordkollen
Senja frå Nordkollen
Håja frå Nordkollen
Håja frå Nordkollen
Solnedgang på Nordkollen
Solnedgang på Nordkollen
Kvaløya frå Nordkollen
Kvaløya frå Nordkollen
Norkollen frå Sommarøya
Norkollen frå Sommarøya
Ørnflygnakken frå den omtrent like høge fortoppen
Ørnflygnakken frå den omtrent like høge fortoppen
Krisitne på Ørnflygnakken
Krisitne på Ørnflygnakken
Sommarøybrua, Håja og Tussøya frå Ørnflygnakken
Sommarøybrua, Håja og Tussøya frå Ørnflygnakken
Kattfjorden og Kvaløyfjell frå Ørnflygnakken
Kattfjorden og Kvaløyfjell frå Ørnflygnakken

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.