Hjerttinden (05.05.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 6h 05min
Distance 18.6km
Vertical meters 1,378m
GPS
Ascents Hjerttindtuva (1,080m) 05.05.2019 14:55
Hjerttinden (1,381m) 05.05.2019 16:12
Visits of other PBEs Lynghaug parkering (165m) 05.05.2019 11:41
Hjerttindtuva, Hjerttinden og Sniptinden. Mykje Reinsdyrspor
Hjerttindtuva, Hjerttinden og Sniptinden. Mykje Reinsdyrspor

Vi har tatt tidleg sommarferie i år, og fyste tur går i nordleg retning. Vi drog frå Evenskjer litt over klokka ni med Hjerttinden som turmål. Etter litt over to timar i bilen var vi framme ved Lynghaug parkering, og gjorde oss klare til tur. Vi kunne ta på oss skia allereie ved bilen, og vi hadde dagferske spor å følgje oppover. Da vi kom opp på nedsida av Veidfjellet møtte vi på ein del tamrein, som hadde lagd mykje spor rundt omkring. Etter Veidfjellet gjekk sporet vi følgde på nedsida av Hjerttindtuva, medan vi gjekk opp mot Hjerttindtuva.

Hjerttinden frå Hjerttindtuva
Hjerttinden frå Hjerttindtuva

Like etter at vi hadde tatt av frå spora såg vi dei to forran oss på veg ned på ryggen frå Hjerttindtuva. Dei hadde ikkje vore på Hjerttinden, men gått opp på baksida av Hjerttindtuva. Det vart ganske bratt, og veldig hardt, det siste stykke opp til like nedunder toppen av Hjerttindtuva. Steinete og lite snø på toppen, så vi tok av oss skia og gjekk den siste biten på føtene. Fyste del av nedkøyringa frå Hjerttindtuva var steinete og vond, før det vart litt betre etter kvart.

Det siste stykket mot toppen
Det siste stykket mot toppen

Oppover frå skardet var det tidvis bratt og ganske hardt, men bra der det var nysnø. Oppe på toppryggen held vi godt mot høgre for å være heilt trygge for dei store skavlane på austveggen. Sjølve toppunktet ser vanskeleg ut på avstand, men var enkelt og greitt å komme opp. Fantastisk utsikt! Vi tok ein matpause der vi satt frå oss skia nedunder toppunktet, før vi køyrde i veg nedover. Flott køyring dei fyste 150-200 høgdemetrane, før det vart hard nedover mot skardet. Veldig god snø dei siste 50-60 høgdemetrane til skardet. Nede i skardet følgde vi sporane dei andre hadde gått i sida nedunder Hjerttindtuva, og sparte oss for høgdemetrane oppom Hjerttindtuva. Mykje flatt, og ikkje så mykje bra køyring eit stykke derifrå, men veldig bra køyring i frå om lag 720moh.

Kristine på toppen av Hjerttinden
Kristine på toppen av Hjerttinden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.