Snota! (29.04.2019)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Gråsjøen vinterparkering (449m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 45min
Distance 25.1km
Vertical meters 1,737m
GPS
Ascents Snota (1,669m) 29.04.2019 19:01
Litl-Snota (1,566m) 29.04.2019 19:01
Visits of other PBEs Gråsjøen vinterparkering (435m) 29.04.2019 19:02

Kona avspaserte i dag, og slo frampå om at eg kunne finne på noko om eg hadde lyst. Eg foreslo raskt at eg kunne ta meg ein tur på Snota – ein tur det går gjetord om i midtnoreg, og som eg har sikla på lenge. Kona sa at det kanskje ikkje var heilt det ho hadde tenkt – at eg skulle vere vekke langt til fjells heile dagen. Men då eg viste ho den flotte primærfaktoren, den alpine karakteren, og den omfattande utsikta måtte ho medgå at dette måtte eg få med meg. Dessutan, sa eg, tar turen etter sigende berre 4 timar! (eller kanskje bittebittelitt meir).

OK, så var det ikkje heilt slik det gikk føre seg. Men eg gikk i alle fall frå vinterparkeringa ved Gråsjøen klokka kvart på 10 spent på kva dagen skulle bringe.

Det første dagen skulle bringe var svært flekkvis skiføre, så det vart ikkje skikkelig på med skia før litt oppe i lia over sommarparkeringa. Også her hadde det første stykket preg av oppsøkande verksemd. Eg fann etterkvart nokon skikkelige trikkeskinner som eg fulgte oppover. Opp på dei lange, slake, dryge bakkane mot første skaret fann eg rytmen, og eg gleeeda meg til å gli nedover her i fin flyt seinare i dag.

Over mot svartvatnet vart det meir barmarkssport, og eg angra bittert på at eg lot moseøksa og lyngjerna ligge heime i dag. Deretter fulgte eg spora som gikk på vestsida av svartevatnet – skunda meg forbi her, før eg endelig kunne byrje på litt skikkelig stigning. (GPSen viser ei litt vågal rute over Svartevatnet, men dette må vere teknisk feil).

Snota - Gudenes talerstol
Snota - Gudenes talerstol
Trollhøtta - De underjordiskes ballsal
Trollhøtta - De underjordiskes ballsal

Det er i motbakke det går oppover, er det ikkje, og spora snirkla seg oppover hyllesystema, til eg stod i skaret mellom Litjsnota og Snota. Oppe på toppryggen til Snota var det ei blanding av frosen skorpe og roten snø, men no var det ikkje lenge igjen!

Litt svett i capsen. Litjsnota bak
Litt svett i capsen. Litjsnota bak
Ja sjå her ja! Då var vi oppe.
Ja sjå her ja! Då var vi oppe.

Ja, her oppe var det fint ja! 3 ½ time til topps. Standsmessig kasse og varde, og ei meget flott utsikt. Eg tok ein bolle og nokon bilete, såg litt på Snoteggen og sørveggen før eg vende nasen nedover.

Toppanorama frå Geithøtta til Honnstadknyken. Her er mykje fint om ein er glad i å gå på fjellet. Fjelltur er kjekt - det kan eg heilhjarta anbefale mine lesarar!
Toppanorama frå Geithøtta til Honnstadknyken. Her er mykje fint om ein er glad i å gå på fjellet. Fjelltur er kjekt - det kan eg heilhjarta anbefale mine lesarar!
Trollhøtta-massivet, Svartådalen, Geithøtta, Slettådalen og Fossådalen
Trollhøtta-massivet, Svartådalen, Geithøtta, Slettådalen og Fossådalen
Salen et al, og Rognnebba. Høge Innerdalsfjell i bakgrunnen?
Salen et al, og Rognnebba. Høge Innerdalsfjell i bakgrunnen?

Ein liten tur innom Litjsnota på veg ned, så fin slushkøyring ned til Svartevatnet.

Frå Litjsnota mot diverse godbitar vestover: Rognnebba, Sula-toppane?, Fruhøtta, Blånebba og Fauskånebba
Frå Litjsnota mot diverse godbitar vestover: Rognnebba, Sula-toppane?, Fruhøtta, Blånebba og Fauskånebba
Fjellfie framfor den framifrå toppkassa donert av Confort Surnadal Varme og Sanitær AS. Ikkje noko drit altså. Den observandte lesar vil også sjå at temperaturen var til å ta og føle på.
Fjellfie framfor den framifrå toppkassa donert av Confort Surnadal Varme og Sanitær AS. Ikkje noko drit altså. Den observandte lesar vil også sjå at temperaturen var til å ta og føle på.

Herifrå vart det klart at det var ganske mange lengdemeter utan særlig tap av høgd. Dei ganske nye fellane mine tålte tydeligvis ikkje vatn, så dei hang ikkje fast. Men med tidenes sugeføre gjorde det faktisk ikkje så mykje. Men det vart staking ned bakkane mot Gråsjøen. Eg stod nesten still. I min iver etter å stå på ski lengst mogleg rota eg meg også inn i noko vondsinna buskas. Men det gikk bra til slutt.

Start date 29.04.2019 09:46
(UTC+01:00 DST)
End date 29.04.2019 15:35
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 49min
Moving Time 5h 10min
Stopped Time 0h 38min
Overall Average 4.3km/h
Moving Average 4.8km/h
Distance 25.1km
Vertical meters 1,737m

User comments

  • -
    avatar

    Dronninga!

    Written by SturlaS 29.04.2019 22:05

    Grattis m selveste Dronninga av Trollheimen!

    Vårskitur er litt mixed feelings..

    Du får gi lyd om Snoteggen skal besøkes.

    • -
      avatar

      Sv: Dronninga!

      Written by kobbenes 30.04.2019 08:35

      takk for det, kjekt å få audiens på ein så fin dag.

      Snoteggen ja - det er ein real tur. Slik familiesituasjonen er no så trur eg det må inn på langtidsplanen :-)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by TopGun 29.04.2019 20:28

    Morsom lesing :)))

    Vårskiturar har sin sjarm :-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 29.04.2019 20:46

      Sjarm er ein svært viktig del av totalopplevinga!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.