Kjølhaugan (20.04.2019)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Sulåmo
Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 00min
Distance 23.4km
Vertical meters 1,210m
GPS
Ascents Storkjølhaugen (1,248m) 20.04.2019 18:03
Litlkjølhaugen (1,152m) 20.04.2019 18:03
Evjekvelvet (936m) 20.04.2019 18:03
Visits of other PBEs Sulåmo p-plass (410m) 20.04.2019 18:03

Det vart avtala Pappas turdag denne laurdagen. Eg skulle avlevere familien på Skatval før eg fekk fri turtid resten av dagen. Ei flott anledning til å besøke stortoppen Kjølhaugan i Meråkerfjella.

Strålande sol og heile Meråker var i fjellet i dag. Eg tenkte å følge sporet til yppersteprestane av fjellskiturar - JoSo og Otto, og gå opp i skaret mellom dei to Kjølhaugtoppane. Eg var litt usikker på skivalg, men med den lange innmarsjen gikk eg for fjellski.

Storkjølhaugen
Storkjølhaugen

Først scooterløype, og så litt sikksakk mellom lyngflekkane oppover. Litt komplekst terreng med utfallssoner for skred inne i skaret, men eg trur eg fann ein trygg veg. Runda så rundt på sørsida av Storkjølhaugen, og fulgte nokon gamle skispor for å finne beste veg opp. Siste 100 høgdemeter vart til fots. Her hadde det vore flott med lette randoski.

På toppen etter 3 timar. Her sat ein gjeng allerede, og dei hadde gått opp frå nordsida med markaski, så det er nok lettaste veg. Nydelig utsiktstopp. Sjølv om den ikkje er så høg så ligg den høgt over det slette fjellandskapet. Nesten som å vere i eit fly. Tok ei god matpause i solvarmen før det var raskt nedatt til skia.

Utsikt Nordaust-Sør frå Storkjølhaugen
Utsikt Nordaust-Sør frå Storkjølhaugen
Utsikt sør til vest frå Storkjkølhaugen
Utsikt sør til vest frå Storkjkølhaugen

Så var det vegen opp til Litjkjølhaugen. Ein virkelig flott skibakke om ein har ski til det. Men men. Kjem ein andre vegen her så må ein vere litt obs på skavlar. Ein kort stopp på toppen før eg sklei til Evjekvelvet.

Storkjølhaugen sett frå Litlkjølhaugen
Storkjølhaugen sett frå Litlkjølhaugen
Elvevelvet og Feren sett frå Litlkjølhaugen
Elvevelvet og Feren sett frå Litlkjølhaugen

Frå Evjekvelvet fulgte eg nokon skispor vidare, men desse var nok laga av nedoverski, for dei gikk ned ei fin randoside. Det vart ein slags telemarksstil ned her før det vart navigering mellom lyngtuene tilbake til scootersporet. Deretter skikkelig sugeføre tilbake til bilen.

Siste "topp" Evjekvelvet, med Rundfjellet og Blåbergan i bakgrunnen
Siste "topp" Evjekvelvet, med Rundfjellet og Blåbergan i bakgrunnen

Alt i alt vart pappas turdag ein knallsuksess!

Pappas turdag = suksess
Pappas turdag = suksess

image:kobbenes_20190420_5cbb432763ed9.jpg</gallery>

Start date 20.04.2019 11:59
(UTC+01:00 DST)
End date 20.04.2019 17:09
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 10min
Moving Time 4h 39min
Stopped Time 0h 31min
Overall Average 4.5km/h
Moving Average 5.0km/h
Distance 23.4km
Vertical meters 1,210m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.