Reinen (20.04.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 2h 53min
Distance 9.1km
Vertical meters 626m
GPS
Ascents Reinen (601m) 20.04.2019 14:44
Grytetippen og Keipen frå Reinen
Grytetippen og Keipen frå Reinen

På Gavlen skulle det våre påskeskirenn, og tre barnefamiliar var invitert til å være med. Kristine og eg så på det som ein god moglegheit til å dra på tur, og Simen ville gjerne være med. Tor Erling skyssa oss over vatnet når han likevel skulle hente ein av familiane. Vi køyrde litt i retning Mefjorden, og parkerte i vegkanten like før Mefjordvatnan. Kristine hadde i lag med Jorunn sett ut ein fin topp, Reinen. Vi hadde tenkt å gå i nokså rett linje frå bilen til toppen, men ein flaumstor og snøfri Skifteselva satt ein stoppar for det. For å komme over elva følgde vi ho nedover på leit etter ei snøbru, til slutt såg Simen ei og prøvde å gå over. Han kom seg trygt over, og eg og Kristine følgde etter. Derifrå var det greitt hele vegen til topps, slakt terreng til 200moh, litt brattare dei siste 400 høgdemetrane. Nedkøyringa frå toppen var eigentleg fin, men det var litt suge-føre. Vi val å gå over isen på Mefjordvatnet, noko som vart ein del stuttare enn å følgje same veg som før på dagen.

Vêret var vi eigentleg heldige med; det var solskinn og varmt, men ein del vind. Spesielt på toppen bles det kraftig. Det var også veldig koseleg å ha med fetter Simen på tur.

Over snøbrua
Over snøbrua
Over snøbrua
Over snøbrua
På veg oppover
På veg oppover
Kristine ved toppvarden i sterk vind
Kristine ved toppvarden i sterk vind
Mot Breidtinden
Mot Breidtinden
Utover mot Barden, Segla og Kongen
Utover mot Barden, Segla og Kongen
Nordover Senja
Nordover Senja

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.