Blåskavlen (19.04.2019)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 15min
Distance 26.0km
Vertical meters 977m
GPS
Ascents Blåskavlen (1,809m) 19.04.2019 12:19

Parkerte ved Vardahaug P-plass, og gikk inn Modlaugsbotn. Opp Soleibakkane, og justerte kursen litt aust for Helleberget. Ringa så under toppane Fagerdalsnutane, så rasjonelt som råd. Noko nedatt i skar ca. 1580. Opp denne sida er ruta på det brattaste, og det var hard skare. Måtte setje stålkantane godt i, men greitt. Frå rundt 1700 pluss/minus over småkupperte nutar var det mykje "bølgjeblekk". Så litt ned i skaret ved overgang bre/botn, og fint opp mot toppen. Utsikta på Blåskavlen denne dagen var til å ta pusten i frå ein. Vi tok inn inntrykka og naut, men kunne ha teke fleire bilde for minneboka sin del. Det kom opp eit følgje frå Aurlandssida, som har ein noko kortare tur, og jamnare nedkøyring.

Vi valde å køyre heile brea nedatt, for den opplevinga sin del. Tenkte også litt på den harde brattsida opp (som nok hadde gått greitt ved å sleppe seg litt lenger ned før skrå). Å køyre denne lange heilt jamne bakken (knapt 500 høgdemeter) ned brea er fasinerande, og den er utruleg vakker. Så fekk vi ta med at feller måtte av og på nokre gonger, med rando-skia over Soleibakkvotni på returen. Med vårt utstyr hadde retur same veg ned som opp våre mest "effektivt". Men vi var på påsketur, og ville ha variasjon :) Ein aldeles nydeleg dag i fjellet. Og Blåskavlen da, som eg er godt kjend med, er like imponerande kvar gong. Særleg på ski.

Solebakkane er forsert, og Jernhetta seier hei. Erterhaug til høgre for varden.
Solebakkane er forsert, og Jernhetta seier hei. Erterhaug til høgre for varden.
Retning ryggen mot Blåskavlen med  Fagerdalsnutane til venstre.
Retning ryggen mot Blåskavlen med Fagerdalsnutane til venstre.
Oppå ryggen og Blåskavl-toppen viser seg fram.
Oppå ryggen og Blåskavl-toppen viser seg fram.
Det stuper ned mot Øyestølen og Skjerdal. Syrdalsbreen høgast.
Det stuper ned mot Øyestølen og Skjerdal. Syrdalsbreen høgast.
Massivt mot Blåskavlen.
Massivt mot Blåskavlen.
Komen opp brattaste sida. Som ikkje ser bratt ut pga. skeivt kamera.
Komen opp brattaste sida. Som ikkje ser bratt ut pga. skeivt kamera.
På breen. Vi ser mot sør. Skimta Hårteigen, men ser den ikkje att i disen på bilete.
På breen. Vi ser mot sør. Skimta Hårteigen, men ser den ikkje att i disen på bilete.
Stiganosi reiser eg mot Syrdalsbreen. Kontur av Nærøyfjorden.
Stiganosi reiser eg mot Syrdalsbreen. Kontur av Nærøyfjorden.

User comments

  • -
    avatar

    Blåskavlen

    Written by PeakFloyd 20.04.2019 08:30

    Hei, godt å se at du har fått i gang trackingen igjen. Greie snøforhold rundt Blåskavlen?

    • -
      avatar

      Sv: Blåskavlen

      Written by Esone 20.04.2019 10:24

      Google eigde meg m.o.t. trackinga. Tre justeringar og 5 timar arbeid. Generelt flotte forhold i går. Hardt nokre få stader, og noko bølgjeblekk rundt 1700 m. Blåskavlen er magisk :) Kunne ha teke alle stortoppane i området i ein jafs i går. Slik du plar.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.