Gulkoppen (16.04.2019)

Geschrieben von GeirI (Geir Ingebretsen) GSM

Startpunkt Liskog (367m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 2h 43min
Entfernung 9,7km
Höhenmeter 1.013m
GPS
Besteigungen Gulkoppen (1.306m) 16.04.2019 17:49

- På nye jaktmarker.

Det var påskeferie og vi drog nokre dagar til grensetraktene mellom Sunnmøre og Nordfjord. Etter å ha sjekka inn på hytta ved Kalvatn Feriesenter ville gutane ha ei økt på kunstgrasbana ved Grodås i Hornindal. Brynhild og eg nytta difor høve til å gå oss ein skitur i nytt terreng. Vi køyrde opp dalen frå Grodås mot Liskog, der skiføret såg ut til å vere farleg nær.
Vi fekk lov å parkere ved Liskog, og etter å ha bore skia dei par hundre meterane bort i skogen kunne dei setjast på. I starten fann vi snø opp ei kraftlinegate som hadde meire snø enn stien inne i skogen.

Oppe i skogrensa. Tilbakeblikk mot Liskog (nærmaste garden) og Grodås.

Det flatar ut etter første stigninga. Vi haldt høgda vidare innover mot foten av Gulkoppen.

Klassisk form på fjella i Indre Nordfjord.

Etter ei lita transportetappe i slakare terreng steig det mot toppen på soltint snø. Utsikt vestover. Øyenibba mot Hornindalsvatnet sentralt i bilete. Glitregga dominerer oppe til venstre, og i det fjerne dreg vi kjensel på Hornelen.

Det flatar ut mot toppen. Vi ser Skåla i Loen bak Brynhild, og Lodalskåpa er også lett å sjå til høgre i biletet.

Vi nådde toppen etter eit par timar. Akkurat samstundes kom det to stykke opp i frå aust, på skuggesida altså.

Flott utsikt i kveldslyset på toppen. Her ser vi m.a. Hornindalsrokken og Kvitegga.

Vi ser inn Blåbreddalen mot Storhornet med dominerande snøkuppel. Rokkekjerringa er karateristisk heilt til høgre.

Vi såg heilt ned til Stryn sentrum. Toppen ser ut til å vere populær frå denne kanten.

Vi starta nedkøyringa i solvendt botn med smørføre.

Første og andre etappe er unnagjort, og vi gler oss til siste lia ned til Liskog. Var ikkje gale det heller...

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.